Haugen, Odd Einar & Åslaug Ommundsen: Vår eldste bok  (BN 3)

Haugen, Odd Einar & Åslaug Ommundsen: Vår eldste bok (BN 3)

  • 360,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Vår eldste bok: Skrift, miljø og biletbruk i den norske homilieboka er ei samling av nyskrivne artiklar om Gammalnorsk homiliebok (AM 619 4to), redigert av Odd Einar Haugen og Åslaug Ommundsen, og med bidrag frå fagfolk i Finland, Noreg og England.

Homilieboka vart skriven i Bergen rundt 1200 på grunnlag av eldre førelegg og er den eldste tilnærma fullstendige norske boka vi har bevart. Medan ein har rekna med at det har vore opptil fire skrivarar av homilieboka, hevdar to av bidragsytarane i Vår eldste bok at det truleg berre har vore éin skrivar i boka, og at det er den same skrivaren som står bak det innskotet frå ei anna bok som ein no finn mot slutten av homilieboka. Ein annan bidragsytar viser korleis skrifta kan rekonstruerast strøk for strøk. Det er ein analyse som hittil ikkje har vore gjort for norske handskrifter.

I andre bidrag i boka blir det lagt fram materiale som viser kva for andre bøker denne skrivaren truleg var ansvarleg for. Dette byggjer på ein omfattande gjennomgang av det store fragmentmaterialet i Riksarkivet, særleg fragment av liturgiske handskrifter.

Det er i dag semje om at homilieboka vart skriven i Bergen, men kvar? I to av bidraga blir dette spørsmålet diskutert inngåande, utan at ein no kan nå fram til ein sikker konklusjon. Dei to kandidatane er augustinarane i Jonsklosteret og prestane ved Domkyrkja.

Boka byr elles på to bidrag om preiketradisjonen rundt 1200 og mogleg påverknad frå England, og endeleg ei drøfting av forholdet mellom det tekstlege og det visuelle i kyrkjerommet.

Til slutt er det ein gjennomgang av oppbygginga av homilieboka i AM 619 4to, både i form av dei enkelte legga og dei tekstane som inngår i desse. Vidare er det ei ordliste over paleografisk, kodikologisk og liturgisk terminologi, ei felles litteraturliste og eit omfattande, tredelt register over personar, verk og handskrifter.

Boka vart utgjeven i november 2010 og er gjennomillustrert i fargar.

Innhald

Forord 7

Nye blikk på homilieboka 9
Odd Einar Haugen og Åslaug Ommundsen

Homilieboka – for hvem og til hva? 35
Kirsten M. Berg

Skriveren og kunstneren bak homilieboken 77
Michael Gullick

En kalligrafisk analyse av skriften i homilieboken 101
Bas Vlam

Skrivarproblemet i homilieboka 115
Ranveig Stokkeland

Homilieboka og dei liturgiske fragmenta 131
Åslaug Ommundsen

Musikknotasjonen i antifonariefragmenter i Riksarkivet 151
Gisela Attinger

Gammelt og nytt i homiliebokens prekenunivers 165
Aidan Conti

Wulfstan av York og norrøne homilier 187
Olav Tveito

Visualisert didaktikk? Det talte og det malte ord i norsk middelalder 217
Kristin B. Aavitsland

Innhold og oppbygging av AM 619 4° 247

Illustrasjonar 255

English summaries 257

Ordliste 271

Litteratur 279

Om forfattarane 299

Register 301

Bibliotheca Nordica (BN) nr. 3

ISBN 978-82-7099-589-9, 315 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 0,7 kg, publiseringsår 2010. Språk: norsk


Vi anbefaler også

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid