Anders Aschim og  Per Halse: Den fyrste bibelen paa norsk

Anders Aschim og Per Halse: Den fyrste bibelen paa norsk

  • 390,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Den første fullstendige bibelomsetjinga til nynorsk, Bibelen eller Den heilage skrifti: Dei kanoniske bøkerne i Det gamle og Det nye testamentet, kom ut i 1921. Utgåva gjekk som oftast under namnet «Fyrebilsbibelen». Det mellombelse i nemninga er berre eitt av fleire påfallande trekk ved utgåva. Eit anna er ut­gjevaren: «Utgjeven av bibelnemndi aat Studentmaallaget i Oslo», står det på tittelsida, ikkje «Det norske Bibelselskabs Forlag», som ventande var. Eit tredje er arbeidsmåten. «Fyrebilsbibelen» var eit stort dugnadsprosjekt med heile tjue ulike teologar og lekfolk som omsetjarar.

Kvifor vart det slik? Kva var bakgrunnen for omsetjinga? Korleis vart ho til? Kva karakteriserer bibelutgåva? Korleis vart ho motteken, og kva har ho hatt å seie? Dette er spørsmål som forfattarane undersøker i denne boka, skriven til hundreårsjubileet for utgjevinga. Per Halse og Anders Aschim har begge drive omfattande forsking om framveksten av nynorsk kyrkjeleg skriftkultur, og dei har publisert resultata både i vitskapleg og populær form.

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet, Hamar. Han har òg vore bibelomsetjar for Det Norske Bibel­selskap og professor ved Høgskulen i Volda. Aschim har mellom anna publi­sert bøkene Ein betre vår ein gong: Elias Blix (2008) og Bibelen 3.0: Bak Bibel 2011 (2013).

Per Halse er professor i KRLE (Kristendom, religion, livssyn og etikk) ved Høgskulen i Volda, der han òg har vore rektor. Halse har mellom anna publi­sert bøkene Gudsord og folkespråk: Då nynorsk vart kyrkjemål (2011) og Peter Hognestad: Språkstrid og heilag fred (2016).

 

Innhald

Forord

 

  1. Inngang

Språket som vart (ny)norsk

Språkleg jamstilling i det religiøse feltet

Bibel, omsetjing og språk

Kjeldene

 

  1. Bakgrunnen

Dansk bibel og norsk dialekt

Gamle norske bibeltekstar fram i lyset

Ny norsk bibel?

Tidlege omsetjingar til landsmål

Initiativ frå Samlaget

Mottaking og revisjon av «Landsmålstestamentet»

Kva med Det gamle testamentet?

Norsk bibel til 1914 – eller 1917?

 

  1. Arbeidet

Bibelnemndi

Rekruttering av omsetjarar

Omsetjarane

Pengeinnsamling

Kontakten med Bibelselskapet 1916–1917

Ettersynsmenn

Vona om norsk «reformasjonsbibel» svinn

Kyrkjeofring – og garanti på vilkår

«Dette med Mortensson»

Somme somla

Klargjering for trykking

Krevjande korrektur

Storpolitikk og slurv

Innspurten

Takk og lov

 

  1. Resultatet

Den mangfaldige Fyrebilsbibelen

Mosebøkene, Josva, Domarane. Alexander Seippel

Samuelsbøkene. Bernt Th. Anker og Lars Eskeland

Job. Erik Eggen

Salmane. Elias Blix og Peter Hognestad

Ordtøka og Preikaren. Peter Hognestad

Jesaja. Anders Hovden, Johannes Barstad og Peter Hognestad

Jeremia. Leonhard Næss

Hosea. Torleif Homme eller Ivar Mortensson?

Joel og Amos. Ivar Mortensson

Malaki. Bernt Th. Anker og/eller Peter Hognestad?

Lukas. Alexander Seippel

Johannes. Alexander Seippel og Peter Hognestad

Apostelgjerningane. Landsmålstestamentet revidert

Romarbrevet. Peter Hognestad

 

  1. Vegen vidare

Sal og spreiing

Riksmål og landsmål – to ulike biblar?

Bibelsk poesi

Nynorsk bibelspråk

Mot ein nynorsk kyrkjebibel

Bibelselskapet tek ansvar

Alexander Seippel

Ivar Mortensson-Egnund

Peter Hognestad

Indrebø-bibelen

 

  1. Utsyn

Ein nynorsk religiøs skriftkultur

Bibelomsetjing og teologi

Skriftspråk, bibelspråk, kulturspråk

Den første bibelen på norsk?

 

Kjelder og litteratur

Arkivkjelder

Aviser og tidsskrift

Bibeltekstar, kronologisk

Referanseverk

Litteratur

Forfattarane


Vi anbefaler også

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid