Hyvik et al. (red.): Med påhalden penn? - 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark

Hyvik et al. (red.): Med påhalden penn? - 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark

  • 390,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Redaktører: Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel

Facebook: https://www.facebook.com/1814nedanfraa

Engasjerte allmugen seg politisk i 1814, eller deltok folket med «påhalden penn», som det heitte når nokon skreiv under for andre? Ser 1814 annleis ut frå ein lokal og regional ståstad enn frå det vanlege rikspolitiske perspektivet? Tolv forfattarar tek i denne boka føre seg dei store politiske hendingane i 1814 slik dei arta seg i bygder og byar i Telemark, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Sentrale tema er vala til riksforsamlinga våren 1814 – kven som engasjerte seg, korleis prosessane føregjekk, kven som dominerte. Det vert også vist korleis tevlande grupper, nettverk og lokale konfliktar greip inn i dei politiske hendingane på lokalplan. Boka byr på eit rikt persongalleri, frå embetsmenn og byborgarskap til myndige bønder og haugianarar. Vala til det ekstraordinære Stortinget hausten 1814 får òg brei omtale, og fleire artiklar har eit blikk ut over 1814. Boka er eit viktig tilskot både til 1814-forskinga og forskinga på politisk kultur i Noreg tidleg på 1800-talet, men også til kunnskapen om lokalhistoria i dei områda som er granska og ikkje minst regionale skilnader i Noreg.

Bak boka står ei breitt samansett forfattargruppe med utspring i dei tre fylka, mellom anna frå historikarmiljøa ved høgskulane i Telemark, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.


Innhald

Føreord 5

Innleiing 9
Jens Johan Hyvik, Oddmund L. Hoel og Harald Krøvel

 

Telemark

Nasjonen i Telemark, Telemark i nasjonen 51
Nils Ivar Agøy

Nettverk og politisk kompetanse i Grenland før 1814 95
Gunnar Bolstad

Valgmennene i Bratsberg amt våren 1814 123
Jens Johan Hyvik

Valgmennene i Bratsberg amt til det første overordentlige Storting 1814 159
Herleik Baklid


Møre og Romsdal

Regionale særdrag i valadressene frå Romsdals amt i 1814 189
Mads Langnes

Valmennene i Romsdals amt våren 1814 215
Harald Krøvel

John Moses, Kristiansunds mann på Eidsvoll. Byen og folket som valgte ham 259
Odd W. Williamsen

Demokrati-synergi: ’Folkesouverænitets-principet’ møter den ‘låge danninga’. Føresetnader for folkestyre i futedømmet Sunnmøre, Romsdals amt, før og etter 1814 283
Oddbjørn Magne Melle


Sogn og Fjordane

Folkeleg engasjement i Nordre Bergenhus i åra rundt 1814 341
Jan Anders Timberlid

Haugianarane og den politiske oppvakninga i Sunnfjord kring 1814 369
Gaute Losnegård

Dei fyrste valmenn og røysteføre i Sogn med vekt på Jostedalen og Luster 397
Oddmund L. Hoel

Kongetruskap og patriotisme i Nordfjord og på Sunnmøre. Krigen i Østfold 1808–1810 429
Jon Tvinnereim


Samandrag 455


Om forfattarane 464


Biletliste 469


ISBN 978-82-7099-761-9, 470 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 1,3 kg, publiseringsår 2014, språk: norsk nynorsk/bokmål

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid