Solberg, Olav: Ringar i vatn - Telemarksdiktaren John Lie
Heimbygda - Bøkene - Amerika
Undertittelen på denne biografien er «Telemarksdiktaren John Lie». Dette bør ikkje forståast slik at John Lies forfattarverksemd berre knytte seg til heimfylket. Tvert imot tok han opp tema av allmenn interesse ikkje berre for norske lesarar, men også for lesarar i Amerika – norske og skandinaviske emigrantar i Midtvesten.
Særleg i dei Bjørnson-inspirerte og spennande bondeforteljingane sine skreiv Lie om viktige emne som økonomi, religion og erotikk, på ein slik måte at lesarar utan litterær skolering hadde glede av bøkene. Bondeforteljingane skreiv han på dansk-norsk, og dei gjekk i store opplag i Noreg og i det norske Amerika. Men han debuterte som landsmålslyrikar (1874) og hausta lovord for dei to diktsamlingane han gav ut. Med bondeforteljingane på dansk-norsk erta han på seg landsmålsideologane med Garborg i spissen. På sine eldre dagar vende John Lie attende til landsmålet og skreiv dei to beste bøkene sine om det gamle bondesamfunnet i Telemark. Biografien om John Lie er skriven på bakgrunn av bøkene hans og alt han elles skreiv i lesebøker og aviser, og ikkje minst med utgangspunkt i eit eineståande brevmateriale, som kastar lys over han sjølv, den nærmaste familien og samtida.
Innhald
1. Innleiing 11
2. Slekta
Ei kunstnarslekt 15
3. Barndomen (1846–1861)
Å vekse opp i eventyret 25
Felespelet 28
Husstøyl og Lie 34
4. Ungdomen (1861–1874)
Skulemeisteren 43
Tortveit-fylgjet 51
Å vinne i lotteriet 55
5. Dikt på landsmål
Hugaljo 67
Halvor, bror min 72
Aarolilja 78
6. Bondeforteljingar på dansk-norsk
Sagatun og Bjørnson 81
Å gje ut bøker i 1870-åra 84
Eit amerikansk publikum 86
Knut Trondsen: Om husmannen som fekk både jente og gard 89
Staali Storli: Om rikdomens forbanning 95
7. Ditt bilæt ber eg i min hug
Torbjørg Rinden 99
Vonheim 100
Torbjørgs Vonheim-veninner 108
Kjære John! 111
Torbjørg Lies Amerika-brev 113
8. Diktar og bonde
Fjellgarden Lie: Ein diktarheim 119
Grindal-Saga: Om odelsbønder og landstrykarar 124
Magnhild og Olav: Om mørkemakter og mystikk 127
Fra Fjeldbygden: Premieboka 128
9. Kritikar og debattant i Sæbyggjen (1890–1892)
Rabulistbladet Sæbyggjen 135
Religionskritikk 137
Denne særs «konsta» 139
10. På Bertrand Jensens forlag
Idealisten Bertrand Jensen 143
Signe og Hermod: Draumen om Amerika 147
Paradiset paa Jorden: Om heimen som grunnlag for samfunnet 149
Junker og Bonde: Spenning og drama i dansketida 151
11. Til Amerika, endeleg (1898–1899)
Foredrag i Midtvesten 155
Hos gode vener på prærien 161
Den amerikanske kvardagen 165
Helsing til Amerika 167
12. Heime att
Oppgjerets dag 171
Bestemor Graanli 173
Sylvbryllaupet 174
John Lie og politikken 177
Ivar Tveiten, ungdomsven og Venstre-politikar 179
13. John Lies beste
Paa Fjell og Fynne 183
Bondekveldar 186
14. Den gamle diktaren (1910–1916) 193
Bøkene 199
Personregister 201
Bibliografi 207
ISBN 978-82-7099-759-6, 210 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 0,6 kg, publiseringsår 2014, språk: norsk nynorsk