Røset, Ingulv: Selbu-målet

Røset, Ingulv: Selbu-målet

  • 350,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Kun 0 igjen!

Ord og uttrykk

Denne dialektboka er bygd på studiar og oppteikningar forfattaren har gjort av selbu-målet gjennom mange år. Kjeldene til arbeidet er den lokale litteraturen sm finst på og om selbu-målet, og attåt det ei rekke personar med eit rotekte og uforfalska talemål; som har tent både som informantar og kontrollgruppe.

Boka gir ei grundig innføring i lydverket i dialekten, og tar opp likskapar og skilnader i talemålet både innafor bygda og i forhold til grannebygdene. Føremålet med den breie innføringa i lydverket er å gjengi dialekten lydleg korrekt i skrift. For å nå dette nyttar forfattaren ei forenkla utgåve av Norvegia-lydskrifta, den same som Einar Haugen har brukt i «Oppdals-målet». Den er fonetisk nøyaktig; samstundes er den lett leseleg, også for folk utan spesielle språkkunnskapar. Målprøvene med denne lydskrifta, «Gamle historier på selbu-mål», viser dette.

Boka har eit eige kapitel om «Gamle personnamn og slektskapsnemningar i selbu-målet». Men størst rom har kapitlet «Ord og uttrykk i selbu-målet». Her finn ein det aller meste frå den rike ordskatten i dialekten som det både er verdt og naudsynt å ta vare på.

Samlinga er bygd opp alfabetisk. Oppslagsorda er skrivi med vanlege skrift- teikn, og med selbu-uttalen og bøyingsformene skrivi med lydteikn bak. Resten av ord-artiklane er til dels skrivi med vanlege skriftteikn, til dels med lydteikn. Samlinga er eit stykke på veg eit lokalhistorisk leksikon som lesaren kan slå opp i og bla i. Med tanke på dette har ei mengd ord stjerne (sjenne*) bak med tilvising til andre aktuelle oppslagsord som av ymse grunnar er i slekt.

«Selbu-målet» er lagt opp med tanke på den vanlege lesar, men det er òg rimeleg å tru at ho er aktuell og av interesse i språkfaglege og språkvitskapelege krinsar.

Ny og utvida utgåve i 2008.

ISBN 978-82-7099-489-2, 340 sider, heftet
Format: 14x24 cm, vekt: 0,7 kg, utgivelsesår 2008
Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid