Harsson, Margit: Leksikon over norske rud-namn frå mellomalderen

Harsson, Margit: Leksikon over norske rud-namn frå mellomalderen

  • 460,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Leksikon over norske rud-namn frå mellomalderen inneheld godt over 3000 bustad­namn som i hovudsak har blitt til i perioden 1000-1350, dvs. i ein periode med sterk folkevekst og nyrydding av gardar. I denne perioden var rud-namn «på moten», særleg på Austlandet, for i mest kvar grend finst det gardar med namn laga til ordet rud, eit ord som i mellomalderen var brukt om nyrydningar ­— og rydningsmannen vart kalla rudkall. I leksikonet vil du finne gamle skriftformer til dei einskilde namna, og du vil finne språklege kommentarar om kva namnet kan tyde og korleis namnet eventuelt har endra seg etter mange hundre års bruk.

Margit Harsson er førsteamanuensis i namnegransking ved Institutt for ling­vistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. I tillegg til ei rekkje fag­lege artiklar har Harsson tidlegare gitt ut fire bøker i prosjektet Bustadnavn i Østfold (frå Skiptvet, Spydeberg, Askim og Idd), og bøker med lokalhistoriske tema frå Ringerike, som Kongevegen over Krokskogen (1997), Stein – en stor­gård på Ringerike (2000) og Halvdanshaugen (2004).


Innhald

1 Forord 5

2 Innleiing 7
   2.1 Tosidig mål 7
   2.2 Ein talsterk namneklasse 7
   2.3 Målsetting 8
   2.4 Avgrensingar (namnetype, alder, geografi, funksjon) 8
      2.4.1 Namnetypologisk avgrensing 8
      2.4.2 Kronologisk avgrensing 9
      2.4.3 Geografisk avgrensing 9
      2.4.4 Funksjonell avgrensing 10
   2.5 Leksikonartiklane 10
      2.5.1 Namneform (oppslagsform) 10
      2.5.2 Uttale 11
      2.5.3 Gardsnummer 11
      2.5.4 Administrativ lokalisering 12
      2.5.5 Skriftlege belegg 12
      2.5.6 Forledd 13
      2.5.7 Kommentarar av ulike slag 13
      2.5.7.1 Lydendringar 14
         2.5.7.2 Metodiske problem 14
         2.5.7.3 Litt om årsaker til endring 15
         2.5.7.4 Terminologi 16
      2.5.8 Landskylda i skattematrikkelen 1647 18

3 Leksikon A > Å 19

4 Fylkesvis fordeling av rud-namn 862

5 Nærskylde ord 867

6 Grammatisk form 870
   6.1 Nominativformer 870
   6.2 Dativformer 871

7 Litteratur 873

8 Kjelder til namnebelegg 887

9 Forkortingar 891

10 Lydskrift 892

11 Landskyld – omrekning til lispund 893
   11.1 Gjennomsnittleg landskyld i 1647 - fylkesoversikt 895

12 Register 896
   12.1 Stadnamnregister 896
   12.2 Ordregister 902
   12.3 Person- og tilnamnregister 913
   12.4 Emneregister 924 13 Fylkeskart som syner eldre heradsinndeling 926


ISBN 978-82-7099-600-1, 939 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 2 kg, publiseringsår 2010, språk: nynorsk

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid