Vikør, Lars: Språk og samfunn - heime og ute

Vikør, Lars: Språk og samfunn - heime og ute

  • 420,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Kun 0 igjen!

Lars S. Vikør, professor i nordisk målvitskap ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør i Norsk Ordbok 2014, fylte 65 år 30. april 2011. Dette vart markert med eit festskrift til ære for jubilanten.

Festskriftet inneheld 33 trykte arbeid av Vikør som viser breidda og djupna i dei emna han har skrive om. Somme av desse artiklane har vore lite tilgjengelege for den norske allmenta tidlegare. Emna femner vidt, med hovudvekt på norsk språkhistorie og språknormering, språkplanlegging og leksikografi, men han tek òg opp og drøftar ymse nordiske, europeiske og indonesiske måltilhøve. Ein eigen bolk omtalar dei politiske og språklege forholda i Aust-Timor, der Vikør var observatør for FN i samband med valet på øya i 1999. Alle artiklane er valde ut i samråd med Vikør, og han har sjølv lagt til nye miniinnleiingar til dei. Eit fyldig bibliografisk oversyn over alle dei viktigaste faglege arbeida hans følgjer også med, i tillegg til ein stutt biografisk omtale.


ISBN 978-82-7099-632-2, 432 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt: 1,1 kg, publiseringsår: 2011


Vi anbefaler også

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid