Mæhle, Leif: Diktarar på leiting

Mæhle, Leif: Diktarar på leiting

  • 250,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Denne samlinga med litterære studiar opnar med ein presen­tasjon av Snorre Sturlasons skildring av det underlege ”synet” som Olav Haraldsson hadde da han rei over fjellet på veg til døden på Stiklestad i 1030, og følgjer så denne ”Olavs-visjonen” vidare til Draumkvedet og annan europeisk visjonslitteratur. Nokre av artiklane har sitt utgangspunkt i radioforedrag i ”P2-Akademiet” (”Utviklingsliner og tema i Tarjei Vesaas’ dikting”, ”Når kunstartar møtest. Lyrikk og musikk”). Garborg-studien (”Arne Garborg på leit etter den bortkomne Faderen”) har sin bakgrunn i ei prøveførelesing over sjølvvalt emne til den filosofiske doktorgraden, medan eit kapittel – ”Johan Falkberget på leit etter det oppreiste mennesket” – har sprunge ut frå arbeidet med eit opposi­sjonsinnlegg ved ein doktordisputas. Ein av artiklane er ein punktstudie over eit viktig tema i Duun-forskinga (”Olav Duun på leit etter medmennesket”). Eit av kapitla prøver å gi ein samla presentasjon av lyrikaren A.O. Vinje på sitt beste. Aslaug Vaas syn på ”poetisk tenking” og ”poetisk visjon” er emne for eit anna kapittel, og artikkelen ”Rytmeriket kring Dovrefjell” freistar å fange inn eit sentralt tema i Inge Krokanns Dovre-dikting.

På ulike måtar har alle dei 11 kapitla tilknyting til emne som Leif Mæhle i 30 år har arbeidd med og forska og undervist i som professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur, ved Universietet i Oslo.

 

Innhald

Kongens visjon og diktarens ” ... at draumen skal opna seg” 9

”Nordens Muse”
Innslag frå Edda og norrøn mytologi hos Ivar Mortensson-Egnund og Olav Aukrust 31

Lyrikaren Aasmund Olavsson Vinje
”Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa.” 49

Arne Garborg
– på leit etter den bortkomne Faderen 77

Olav Duun
– på leit etter medmennesket 99

Johan Falkberget
– på leit etter det oppreiste mennesket 109

’Rytmeriket kring Dovrefjell’
Glimt frå Inge Krokanns dikting 123

Aslaug Vaa
om ”poetisk tenking” og ”poetisk visjon” 131

 

Fuglespråket og diktarordet

Utviklingsliner og tema i Tarjei Vesaas’ dikting 147
Novellisten Tarjei Vesaas 167

Når kunstartar møtest
Lyrikk og musikk 182

 


ISBN 978-82-7099-547-9, 195 sider, innbundet
Format: 14x23 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2009, språk: nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid