Drangeid, Magne: Humoristen og Don Quijote

Drangeid, Magne: Humoristen og Don Quijote

  • 310,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert.


Alexander L. Kiellands "Garman & Worse" som tragikomisk roman

"Kielland er vittig som neppe nogen anden Nordmand." Med dette Georg Brandes-sitatet opnar Magne Drangeids monografi om ein av norsk litteraturs store romanar, Alexander L. Kiellands Garman & Worse (1880). Men Drangeid legg straks til at den "vittige" Kielland også byr på mørke klangar, oftast på måtar som fører komikken over i humor.

Humoristen og Don Quijote dykkar ned i ei skrift som fluktuerer mellom svært ulike modus, ifølgje Bjørnstjerne Bjørnson ei blanding som er Kiellands eiga. Eller som Edvard Brandes uttrykkjer det: "Snart har Forfatteren Medfølelse med sine Personer, snart gjør han Nar af dem, saa er han bitter, saa er han sentimental, et Øjeblik ironiserer han over alt, et andet griber Indignationen ham med plutselig Hast men slipper saa straks op og bliver til et lunt Smil."

Garman & Worse blir vurdert i lys av omgrepa humor og quijotisme - det siste ei form for tragikomisk heroisme med røter tilbake til Cervantes. I tillegg til den cervantinske tradisjonen, blir Kielland relatert til Kierkegaards og Dickens' forfattarskap. Drangeid søkjer her ny innsikt ved hjelp av samanliknande nærlesing. Monografien utfordrar oppfatninga av Kielland som ein underhaldande men eintydig og overflatisk forfattar. For kan ikkje lesaren også finna komplekse spenningar - som i mykje speglar forfattaren sjølv? Humoren fungerer som terapi mot eksistensiell "Motsigelse", men strekk ikkje alltid til. Resultatet blir ei skift som vibrerer - mellom satire, sentimentalitet, melodrama, tragikk, komikk.

Humoristen og Don Quijote nyanserer både Kiellands forfattarposisjon og ei rekkje av romanpersonane; forfattaren nyttar seg ikkje av eintydige "talerøyr", men lar personane kasta lys over kvarandre i utprøvingar av nye livsvilkår. Ved å føra saman personar med ulikt medvit om eigne og samfunnsmessige omstende, tematiserer Kielland "livet etter Darwin"; det moderne sine vilkår for kjærleik og fridom, sjølvrealisering og samfunnsendring.

Magne Drangeid er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk. Han har tidlegare gitt ut romanen Ultramarin (1996) og artikkelsamlinga Kielland i Europa (red. 2008), i tillegg til noveller og artiklar.

ISBN 978-82-7099-501-1, 364 sider, heftet
Format: 14,5x20,5 cm, wight: 0,54 kg, publiseringsår 2008