Almenningen/Grønvik/Vikør/Worren (red.): Leksikografen frå Leksvika

Almenningen/Grønvik/Vikør/Worren (red.): Leksikografen frå Leksvika

  • 290,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Festskrift til Laurits Killingbergtrø på åttiårsdagen 4. februar 2020


Laurits Killingbergtrø, ein av dei sentrale redaktørane i Norsk Ordbok, fyllte åtti år 4.2.2020. Norsk Ordbok er ei vitskapleg ordbok på tolv band over ord og uttrykk i nynorsk skriftmål frå Aasen til dagens moderne forfattarar, og i dialektane heilt frå dansketida av.

Laurits kjem frå Leksvik i det gamle Nord-Trøndelag, og hadde ein arbeidsdag på nesten 40 år i Norsk Ordbok. I tillegg var han ein av redaktørane av Nynorskordboka, som kom ut første gongen i 1986.

Dette festskriftet startar med nokre artiklar om Laurits som person med hovudvekt på innsatsen hans for nynorsk leksikografi. Etter det følgjer nokre artiklar om faglege emne innanfor dette fagfeltet. Her finn vi m.a. eit oversyn over ord og uttrykk i fotballspråket frå etterkrigstida og fram til i dag.

Etter fullføringa av Norsk Ordboks papirutgåve i 2016, vart prosjektet overført frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen. Der blir det no arbeidd med ein revisjon og ei oppdatering av Bokmålsordboka og Nynorskordboka, og med ei fulldigitalisering og vidareutvikling av Norsk Ordbok. Dette er emnet for den avsluttande artikkelen, som tar feste i notida og kastar blikket mot framtida.

 

Innhald

Forord

Kirsten Killingbergtrø Havåg: Bror Laurits i familien – glimt frå 0 til 80
Laurits Killingbergtrø: Rebus-dilla (1962)
Lars S. Vikør og Dagfinn Worren: Laurits Killingbergtrø: Ordmannen
Laurits Killingbergtrø: Heimreise frå Majorstugun (1990)
Dagfinn Worren: Språket i kryssord
Lars S. Vikør: Publikasjonar av Laurits Killingbergtrø
Oddrun Grønvik: Laurits i ordsamlingane
Kristin Bakken: Medarbeidaren Laurits
Eli Johanne Ellingsve: Frå Kastalia til Kastalia
Olaf Almenningen: Fotballspråket – før og no
Anneke Askeland: Serdu: eit attersyn og eit nytt perspektiv
Johan Myking: Norsk Ordbok og heimelsfolk frå Nordhordland
Lars S. Vikør: Heimfestingspraksis hos Aasen og Ross – og i Norsk Ordbok
Dagfinn Worren: Jamningsord frå Inntrøndelag i Ole Vigs ordliste
Oddrun Grønvik: Innleiing til Arnold Dalen: «Vurdering av Målførearkivet ved Universitetet i Oslo»
Arnold Dalen: Vurdering av Målførearkivet ved Universitetet i Oslo (2001)
Skrifter frå Norsk Målførearkiv
Margunn Rauset og Johan Myking: Norsk Ordbok no og i framtida (og i nær fortid)

Helsingsliste

ISBN 978-82-8390-032-3, 175 sider, heftet
Format: 14x22 cm, vekt 0,3 kg, publiseringsår 2020, språk: nynorsk
 


Vi anbefaler også

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid