Bø, Sigrid /Jarnfrid Kjøk: Lekamslyst

Bø, Sigrid /Jarnfrid Kjøk: Lekamslyst

  • 435,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Om erotikk i norsk folkedikting

Boka tek for seg vise- og forteljarstoff om erotikk, noko til alvor og mest til skjemt, heil- og halvkvedd, av ymis valør; for somme kanskje direkte usmakeleg. Vi har skrive om stoffet ut frå tanken at også det usmaklege har ein eigenverdi; det og er ei talande kjelde til kunnskap om nemningsbruk og tankar om kjønnslivet, mann og kvinne i ei fortid. Boka er eit innspel til undring over mangfaldet og til forståing for at det erotiske tradisjonsstoffet byr på mange forskaroppgåver. Framstillinga her, band I, er primært å presentere eit oversyn over erotiske motiv i norsk folkedikting. Forteljingane og visene er ikkje attgjevne som heile tekster, berre i utdrag for å dokumentere og illustrere motivutforming og biletbruk. Band II inneheld tekstene.

Sigrid Bø, 1. amanuensis i kulturhistorie ved Høgskolen i Telemark, Bø, har publisert fagartiklar og bøker om emne innan kulturvern og kulturhistorie. Ho er frå Valle i Setesdal, frå ein heim og eit miljø med solide forteljetradisjonar.

Jarnfrid Kjøk, cand.philol. i historie er tilsett ved Lillestrøm videregående skole. Ho er frå Lom i Gudbrandsdalen, med oppvekst i eit rikt folkemusikkmiljø. Saman med faren, spelemann og tradisjonssamlar, har ho m.a. skrive bok om folkemusikken i Nord-Gudbrandsdalen.

ISBN 978-82-7099-463-2, 232 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt: 1,3 kg, publiseringsår: 2008
Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid