Ressem, Astrid N. et al. (red.): Balladar & blue Hawaii

  • 380,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert.


Mange av Velles vener og kollegaer, både i og utanfor visemiljøa, har ønskja å hylla han med eit festskrift på 60-årsdagen, 6. juli 2005. Om Velle sjølv naudsynleg må vere sakna blant bidragsytarane tør vi likevel påstå at han som åndeleg fyljesvenn jamt har vore tilstades i tankane og i dei faglege diskusjonane hjå kvar einskilt gratulant. Festskriftskribentane vonar med desse bidraga å kunna gje jubilanten attende takk for inspirerande samvere. Velle Espeland har gjort ein stor innsats for norsk og nordisk viseforsking, både gjennom si eiga gransking og i arbeidet med å etablera og byggja opp institusjonen Norsk Visearkiv. Forutan å vere ein engasjert leiar av Visearkivet er han òg verksam innanfor studia av ymse folkelege prosaformer (serskilt gåter, supranormale forteljingar, segner og trollformular), teikneseriar og kokebøker ? og medlem av redaksjonen for Tidsskrift for kulturforskning. Velle har med ein aldri sviktande entusiasme og eit brennande engasjement også spela ei viktig rolle som kunnskapsformidlar. Han er ein omtykt foredragshaldar og radiokåsør, og har som forelesar i folkloristikk vore knytt til universiteta i Bergen og Oslo.