Kleiven, Ivar: I gamle Daagaa

Kleiven, Ivar: I gamle Daagaa

  • 395,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa

I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa (1908) er eit av hovudverka til Ivar Kleiven og skildrar folk og hendingar i Vågå i gammal tid.

 

Boka sameinar munnleg tradisjon og skriftlege kjelder i ein levande heilskap, og stilen og den medrivande forteljemåten har knapt sin like og gjev Kleiven plass mellom dei fremste bygdehistorikarane. Mykje av tradisjonstoffet han fekk berga, er i dag ikkje å finne nokon annan stad.
Boka fortel om hulder og underjordiske, skyttarar og kjempekarar, bygdekunstnarar, gamle ætter og dramatiske hendingar som kristningsferda til Heilag Olav i 1021, slaget ved Kringen i 1612 og storofsen i 1789. Den lokale språktonen legg ekstra farge til framstillinga.

Den nye utgåva er trykt ordrett etter originalen og har dei same illustrasjonane, fleire hundre fotnotar og eit omfattande personregister. Klaus Johan Myrvoll har ein grundig artikkel om Kleiven og ættegranskingane hans.

Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken har tidlegare gjeve ut Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932 (2017). Ei tekstkritisk utgåve av Kleivens I Heimegrendi (1908) er under arbeid.

Gudmund Harildstad (f. 1965) er redaksjonsmedarbeidar i Dag og Tid.

Kristoffer Kruken (f. 1950) er professor i namnegransking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.

Klaus Johan Myrvoll (f. 1981) er professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for kultur- og språkvitskap, Universitetet i Stavanger.


Innholl

Firi-Ord

I. Hulder og Onde-Buandes

Huldre i Sjoli’n
Huldre ve Flaakka
Brings-Huldre
Skardaa-Gubbin og Darthus-Kall’n
Jenta fraa Heringsta som vart inn-tikjin
Bess-Leiken
Brure fraa Ransverk
Trolle paa Heidals-Skogje og Blankenborg-Vetlgutann
Prestberg-Jutul’n og Blessom’n
Gjestbo’s-Hopen paa Staalom. Ho Eli Fugelsang
Huldre i Ellingsbø-Rusten
Kleppebudeia som vart inn-tikjin
Kaa Gamel-Nes’in fortalde
Haugafolke paa Sveine
Hav-Fruga
Um Trollkonste og Rooning. Trollkjeringo
Kjørr-Aaste-Mjøle
Skrymt og Att-Gangare


II. Naagaa ’taa kaart

Um kaarles Vaagaa vart byggt
Han Sante-Ola og han Daalaa-Gullbran
Svartdauin
Ridder-Sprange
Kjempe-Steinann paa Ru’ihø’n
Slage i Kringom 1612
Nybaar’s-Karann
Falkefengjarann ve Mela
Han Anders Ulv
Langfantann paa Sygnefjelle
Ho Anne Kleppe
Sond-Skrivar’n
Prestfruga, som va saa stor paa di
Han Tjuv-Tjøstol og han Tjuv-Nils
Budeia i Kampesæter’n
Tri Stor-Ljugare
Offsin i 1789


III. Skjyttare og Kjempo

Knutsson
Kleppe-Brørann
Stor-Heringsta’n
Slette-Gutann. Tordsson og Slaain
Horgje-Karann
Han Jakup Haugje
Skaffar’n
Gamel-Haugjin
Han Sta’e-Lars
Stor-Sannes’n
Stor-Stokksta’n
Han Knut Nyrnes og han Lars Trælviken
Han Stor-Jo og han Hans Holbø
Han Jo Gjende
Summe ’taa Fjell-Følgje hans Jo Gjende


IV. Bygda-Konstnare

Han Edvard Storm
Han Skjaak-Ola
Han Jakup Klukksta
Han Sylfest Skrinde
Han Jakup Sæterdale
Kjørrin
Han Jakup To
Han Frik Snikker
Han Sjugurd Ølsta
Han Rasmus Olsson Staurust
Han Frik To
Han Knut Mo
Han Ola Rasmusson Hole
Han Anders Slave
Han Iva Skudal
Han Bersvein Baatbyggjar
Di tvo Baat-Iva-Karann

Langrust-Ækte
1. Gamel-Langrustin
2. Han Ellan Langrusten
3. Han Ellan Li’n
4. Han Lars Brustugun
5. Han Eistin Li’n
Maalar’n
Han Rasmus Garmo, Valle-Karann og han Hans Stokksta
Han Hans Leirflaten
Skraudøl’n
Hellelykkjin


V. Gamle Ækte

Gjæsling-Ækte paa Sambu
Eldjønn-Ækte paa Valbjør
Bratt-Ækte paa Bjølsta
Taulsta-Ækte
E’svolls-Mann han Paal Haarelsta
Kleppe-Ækte
Sygard Kleppe
Nordigard-Kleppe
Londe-Ækte
Kvarbers-Ækte
Bjønnsta-Ækte
Ækte paa Haakaasta
Ækte paa Slette
Heringsta-Ækte
Ellingsbø-Ækte
Bræe-Ækte
Formo-Ækte
Romongards-Ækte
Te-Legg

Den kloke Olsta-Kjeringje
Sterk-Einangjin
Røvarann i Meiskaar

Klaus Johan Myrvoll: Ivar Kleiven og ættegranskingane hans

Utfyllande litteratur

Namn-Liste


ISBN 978-82-8390-33-0, 398 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 1,1 kg, publiseringsår 2020, språk: nynorsk

 

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid