Sandøy, Helge (red.): Med bil i Norden i 100 år

Sandøy, Helge (red.): Med bil i Norden i 100 år

  • 245,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Kun 0 igjen!

Ordlaging og tilpassing av utanlandske ordI 2002 var det 100 år sia ordet bil blei laga i dansk. Nå er det blitt eit fellesord for alle dei nordiske språka; og ingen andre språk brukar dette ordet. Dette 100-års-jubileet gjekk nok hus forbi hos dei fleste. Ordet bil er blitt eit sjølvsagt kvardagsord. Men folk er opptatt av kva vi gjør og skal gjøre med dei nye orda som kjem inn i språket vårt i dag. Mye av det nordiske språksamarbeidet går på spørsmålet om å styrke språka våre. Vi styrker morsmåla våre ved å sikre at dei blir brukt på flest mulig samfunnsområde, og vi styrker dei gjennom å markere dei som våre. Begge desse perspektiva - bruksperspektivet og formperspektivet - har det til felles at dei vitnar om ei aktiv holdning til språket. Denne boka tar opp korleis vi kan arbeide med den språklige støypeskeia både med å lage nye ord og å tilpasse utalandske ord til det heimlige språket. Det blir diskutert kor vellykka slike ord er, og kva som gjør dei vellykka. Forfattarane kjem frå Island, Færøyane, Noreg, Danmark og Sverige, og dei fortel såleis om situasjonen i alle dei nordiske språka.

Moderne importord i språka i Norden 1.

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid