Faarlund, Jan Terje (red.)- Språk i endring

Faarlund, Jan Terje (red.)- Språk i endring

  • 310,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert.


Denne boka inneheld ni artiklar om norsk språkhistorie. Ho er eit resultat av prosjektet Frå gammalnorsk til nynorsk. Indre språkhistorie etter norrøn tid ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo i åra 2000-2002. Artiklane handlar om fonologi, morfologi og syntaks. Ulike teoretiske retningar er representerte, frå kognitiv grammatikk til generativ grammatikk, ulike former for funksjonalisme, og meir tradisjonell strukturalisme. I fleire av artiklane står grammatikaliseringsteori sentralt. Dei fleste forfattarane er etablerte forskarar, andre er i ein rekrutteringsfase. Desse ulike føresetnadene har gjort at artiklane har litt ulik vinkling. Somme av artiklane presenterer empiriske resultat, andre presenterer teoretiske og metodiske utgreiingar omkring forskingsprosjekt som er i gang. Hos desse er altså det teoretiske og metodiske viktigare enn empiri og resultat. Det samlande perspektivet er den indre språkhistoria, det vil seia endringar i sjølve språkstrukturen, frå norrøn tid og fram til i dag.