Torp, Arne: Norrøn hjelpebok
Kommentarar til Hrafnkels saga og Gylfaginning Øvingsoppgåver og norrøne bøyingsmønster Dette heftet er tenkt som ei hjelp i arbeidet med norrøne tekstar på nordisk grunnfag. Det er først og fremst skrive med tanke på dei som studerer ved Universitetet i Oslo, ettersom hovuddelen av heftet er språklege kommentarar til akkurat dei tekstane som er grunnfagspensum i Oslo, men det kan sjølvsagt også brukast av andre som arbeider med dei same tekstane. Dei tekstane som er kommenterte, er Hrafnkels saga kap. 1-8 og Gylfaginning kap. 47-50. Tekstutgåva som kommentarane byggjer på, er Odd Einar Haugen: Norrøne tekster i utval, og det er vist til to grammatikkbøker, Terje Spurkland: Innføring i norrønt språk og Odd Einar Haugen: Grunnbok i norrønt språk. Kommentarane skal vere til hjelp med å forstå tekstane både grammatisk og innhaldsmessig. Dei inneheld derfor både grammatiske forklaringar, tilvisingar til grammatikkbøkene og forklaringar av einskildord og uttrykk. Tekstkommentaren utgjer dei første ca. femti sidene av heftet. Dei neste ca. femten sidene er svar på spørsmål i tekstkommentaren og i tillegg eit par øvingsoppgåver med fasit. Deretter følgjer fasitsvar på dei aller fleste spørsmåla og oppgåvene i Terje Spurklands grammatikk. Aller sist kjem norrøne bøyingsmønster - i såkalla øvingsversjon og i eksamensversjon.