Bø, Gudleiv: Jesus frå Jæren

Bø, Gudleiv: Jesus frå Jæren

  • 310,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Arne Garborgs kristendom


I 1906 publiserte Arne Garborg den teologiske avhandlinga Jesus Messias. Dette er eitt av dei glømte verka til denne for­fattaren. Men hundre år seinare har ei rad framståande teologar komme fram til liknande resultat – trass i at dei har hatt meir av teologisk faghistorie å bygge på – og legg til grunn andre resonnement og andre metodar.

Denne boka er ein analyse av Jesus Messias og ei drøfting av den i høve til forfattarskapen elles. I tillegg blir Jesus Messias jamført med teologiske synspunkt frå eit utval av teologar frå dei to siste hundreåra.

Målet for diktaren var å skilje «Jesu lære» frå «kyrkja si lære om Jesus». Om seg sjølv sa Garborg at «religiøs er eg vel på min måte om eg ingen religion har». Men påstanden i denne boka er at Garborg har ein religion; og den religionen er nettopp Jesu lære – som står i motsetnad til kyrkja si lære om Jesus.

Gudleiv Bø (f. 1939) er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Andre bøker av Gudleiv Bø er Sammen­heng eller sammentreff? Garborg og Tolstoj (1973), Veslemøys verden. Veiviser til Haugtussa (2002), «Nationale subjekter». Ideer om nasjonalitet i Ibsens romantiske for­fatterskap (2000), Å dikte Norge. Dikterne om det norske (2006).


Innhald

Forord

I
Den usynlege Garborg
Frå sakprosaen
Kyrkjekritiske romanar
Haugtussa
Læraren
Den burtkomne Faderen
I Helheim

II
Jesus Messias

III
Jesus frå Jæren?
Boktittelen
Tru som eit barn eller tenke som ein mann
Teologiske synspunkt etter Garborg

Litteratur


ISBN 978-82-8390-001-9, 180 sider, heftet
Format: 15,5x23 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2018, språk: nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid