Kjelsvik/Ore/Vikør/Wetås/Worren (red.): Målreising og morsmålsdokumentasjon

Kjelsvik/Ore/Vikør/Wetås/Worren (red.): Målreising og morsmålsdokumentasjon

  • 380,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Heidersskrift til Oddrun Grønvik ved 70-årsleitet

Oddrun Grønvik, tidlegare hovudredaktør i Norsk Ordbok, fyllte sytti år den 18. august 2017. Ho har vore ei av dei mest sentrale kreftene bak den fornyingsprosessen Norsk Ordbok gjekk igjennom frå tusenårsskiftet av.

Dette festskriftet er ganske fagtungt, men ikkje berre. Det består av tre hovuddelar:

Den første delen er personleg. Innleiingsartikkelen handlar om personen Oddrun, ført i pennen av broren Gunnvald Grønvik. Deretter får vi kortare oversikter over innsatsen hennar i målrørsla og i Språkrådet.

Den andre delen består av fem artiklar om dei store vitskaplege prosjekta Oddrun har vigd yrkeslivet sitt til frå 1987 til 2017. I sentrum står Norsk Ordbok og digitaliseringa av den, men vi får også ein artikkel om dei afrikanske språkdokumentasjonsprosjekta Oddrun har vore engasjert i (særleg i Zimbabwe).

Den siste delen består av mindre fagartiklar der tidlegare kollegaer av Oddrun gir smakebitar av det mylderet av småprosjekt som eit slikt omfattande ordboksarbeid inneber.

Til slutt tar vi med ei vurdering av ordboks- og arkivarbeid i forhold til vitskaplege kvalifikasjonar, og ein bibliografi over dei vitskaplege og populærvitskaplege arbeida til Oddrun.


Innhald

Føreord
Redaksjonen

Storesøster er sytti!
Gunnvald Grønvik

Oddrun og det organiserte målarbeidet
Olaf Almenningen

Oddrun og Språkrådet – kryssande vegar gjennom eit heilt yrkesliv
Åse Wetås

Fleirgenerasjonsordboka Norsk Ordbok – frå nasjonsbyggjar til grunnlovsjubileumsprosjekt
Dagfinn Worren

Norsk Ordbok Digital
Christian-Emil Ore

What should the electronic dictionary do for you, and how
Christian-Emil Ore og Oddrun Grønvik

African Lexicography, Terminology and Living Heritage: Impact of the ALLEX-CROBOL Projects
Herbert Chimhundu, Langa Khumalo og Nomalanga Mpofu-Hamadziripi

Samansetningar i norsk og leddeling i ordbøkene
Bjørghild Kjelsvik

Går artikkelen opp?
Leiv Inge Aa

Leksikografi som språkvitenskap
Madeleine Halmøy

«Å ta(ka) seg vatn over hovudet». Arbeidet med verbet taka
Tor Erik Jenstad

- «Vel» er vel vel, vel? – Vel, vel
Toril Opsahl

Praktisk versus teoretisk språkforsking
Ellen Hellebostad Toft

Tydings- og formkomplekset skuld vs. skyld – eit komplisert terreng
Lars S. Vikør

Vurdering av ordboks- og arkivarbeid i forhold til vitenskapelige kvalifikasjoner (1989)
HF-fakultetet

Bibliografi over Oddrun Grønviks publikasjonar
Bjørghild Kjelsvik og Lars Vikør


ISBN 978-82-7099-889-0, 283 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 0,8 kg, publiseringsår 2017, språk: nynorsk, bokmål, English


Vi anbefaler også

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid