Jahr, Ernst Håkon: Innhogg i nyare norsk språkhistorie
I denne boka er det samla fjorten artiklar med emne frå nyare norsk språkhistorie. Artiklane, som er skrivne mellom 1974 og 1991, tar for seg sentrale problem og område i språkhistoria etter 1814: Ivar Aasen og Knud Knudsen, jamstillingsvedtaket i 1885, dialektbruk i skolen etter 1878, nynorsk normaltalemål, rørsla Østlandsk reisning, Stortinget og språkplanlegginga, samnorskpolitikken, Arbeidarpartiet og språkstriden, Halvdan Koht og Didrik Arup Seips rolle i språkstriden. Ein artikkel behandlar pidginspråket russenorsk.