Schulze, Johan A.: Skrifter og talar av Marius Hægstad
Marius Hægstad - læraren, bladmannen, stortingsmannen, talaren, professoren, diktaren og vitskapsmannen - han hadde so stor arbeidsmark i sine levedagar. Denne biblio grafien syner oss eit bilæte av alle dei verksemdene han var uppe i, men det som tel serleg mykje, var målgranskingi hans. Hægstad la fram utgreidingar med rike dømesam lingar frå gamalnorsk, millomnorsk og nynorsk tid og synte store kunnskapar um norske målføre. Men han skreiv um færøymål og islandsk med, og utgreidingi "Hildinakvadet" byggjer på ei uppskrift av det gamle målet på Shetland. Med dei målhistoriske granskingane sine vart Hægstad ein ljos kastar.