Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap

Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap

  • 231,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Talemålet er det eigentlige morsmålet vårt, og det er primært i forhold til skriftmålet. Talemålet har òg eigenskapar som skil det frå skriftmålet. Norsk dialektkunnskap tar opp desse eigenskapane og drøftar forhol det mellom skrift og tale.

Hovudvekta i boka ligg på norsk talemål i variasjon og utvikling. Eit kapittel om dialektgeografien viser utbreiinga av skiftande særdrag i dei norske dialektane - med sideblikk til heile Norden. Den sosiale variasjonen i språket blir framstilt med særlig vekt på den funksjonen variasjonen har. Talemålsutviklinga i fortid og i samtid blir tatt opp åtskilte kapittel, der særlig kreftene bak utviklinga blir drøfta.

I heile boka er det lagt vekt på å studere talemålet som språksystem. Eitt kapittel viser korleis ein kan arbeide med grammatikken - først og fremst fonologien i dialektane. Boka inneheld lydskrivne tekstar frå ymse norske dialektar, og kvar tekst blir følgt av ei grammatikkskisse for dialekten. Norsk dialektkunnskap gir ei innføring i talemålsstudiet. Til denne innføringa hører det og med ei kort framstilling av forskingstradisjonen bak vitskapen om talemålet.

Helge Sandøy er amanuensis i norsk talemål ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.

NOVUS FORLAG AS ISBN 978-82-7099-122-8
Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid