Jahr, Ernst Håkon og og Gro-Renée Rambø (red.): Norsk språk i rom og tid

Jahr, Ernst Håkon og og Gro-Renée Rambø (red.): Norsk språk i rom og tid

  • 365,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Forskingsgruppa i språkhistorie (HistLing) ved Fakultet for humaniora og pedagogikk, Universitetet i Agder, legg med dette fram skrift nr. 1 frå miljøet.

Heilt bak i boka finn ein ei liste over medlemmene i gruppa med opplysningar om kva for område av språkvitskapen dei primært arbeider på. Gruppa samlar i alt 15 forskarar frå ulike område og særspråk innan diakron språkforsking. Dei fleste er knytte til Institutt for nordisk og mediefag, to kjem frå Institutt for fremmedspråk og oversetting. Gruppa har eit fleirtal kvinnelege forskarar, og det er òg med fleire aktive emeriti. 11 av forskarane i gruppa er representerte i denne antologien som forfattarar og/eller redaktørar.

Ein tanke bak denne samlinga av artiklar er å vise fram noko av mangfaldet og spennvidda i ei av dei største forskingsgruppene ved fakultetet. Etter ei omfattande internasjonal evaluering av humanistisk forsking (HumEval), som Forskingsrådet gjorde ved norske universitet og høgskolar med rapport i 2017 (Evaluering av humanistisk forskning i Norge), blei forskingsgruppa tildelt NFR-middel til vidare utvikling. Eit resultat av dette er no m.a. denne antologien. Skrift nr. 2 frå gruppa skal bestå av bidrag frå forskingsfeltet ’Lingvistiske og semiotiske landskap’.

 

Innhald

Gudlaug Nedrelid og Michael Schulte: Hǿlibǫrvar på Grønland. Bidrag til tolkning av en runepinne fra Austerbygda på Grønland

Marit Aamodt Nielsen: To oversettelser av Magnus Lagabøtes landslov fra seint på 1500-tallet

Martin Skjekkeland: «dog overalt viser sig en national Grund». Om ei oversedd utvikling i Ivar Aasens vurdering av måla på Agder

Magnhild Selås: A short description of some aspects of the traditional Valle dialect in Setesdal

Tom Flaten: Skolebarninnsamlinga av stedsnavn på 1930-tallet – i Norge og på Agder

Gro-Renée Rambø: En reise gjennom Finnmark – lingvistiske landskap i grensetrakter

Magnhild Vollan: Framstillinger av dialekt for elever på barnetrinnet

Vidar Haslum: Multimodale talemålstekster i undervisningen. Utviklingstrekk og didaktiske vurderinger

Elin Gunleifsen: Til sammenhengen mellom r-lyder og retroflekser

Medlemmer av forskingsgruppa i språkhistorie (HistLing)

Register

 

ISBN: 978-82-8390-068-2, Paperback, 269 sider.

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid