Jahr/Nedrelid/Nielsen: Språkhistorieskriving og språkideologi

Jahr/Nedrelid/Nielsen: Språkhistorieskriving og språkideologi

  • 280,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Eit utval norske språkhistorikarar

Denne boka undersøkjer om og i kva grad ulike språkstrids­ideologiar frå 1800- og 1900-talet kjem fram i arbeida til utvalde norske språkhistorikarar.

Dei rammene som norsk språkhistorieskriving på 1800- og 1900-talet heldt seg innanfor, blei definerte ikkje berre av språk­vitskapen, men også av språkstriden, som kom som eit resultat av 1814-frigjeringa frå Danmark saman med nasjonalromantisk filosofi og ideologi.

Mykje av norsk språkhistorieskriving på 1800- og 1900-talet var tett knytt til språkstridsideologien i samtida. Ei sentral oppgåve som språkforskarane hadde etter 1814, var å skilja ut det som skulle gjelde for norsk språk og norsk språkutvikling, særleg i motsetnad til dansk, men òg til svensk.

Boka tar for seg nokre sentrale språkhistorikarar og drøftar deira problemstillingar, teoriar og metodar for å sjå i kva monn dei var, eller ikkje var, språkstridsideologisk påverka.

Forfattarane Ernst Håkon Jahr, Gudlaug Nedrelid og Marit Aamodt Nielsen er professorar i nordisk språkvitskap ved Uni­versitetet i Agder, Kristiansand, og har forska og publisert mykje om norsk språkhistorie og andre språkvitskaplege emne.


Innhald

Forord

Kapittel 1: Innleiing – språkvitskapen på 1800-talet og språkhistorieskriving i Noreg (Ernst Håkon Jahr)

Formålet med boka: språkhistorieskriving og språk(strids)ideologiar

Språkvitskapen på 1800-talet: språkhistorie

Den historisk-komparative språkvitskapen: Rask, Grimm, Bopp

Språkhistorisk forklaringsmodell

Ivar Aasen som komparativist – stillinga til talt riksmål

Dialektane og språkhistorie

Junggrammatikken, nynorsk språkforsking

Lydlover

Kreolistikk, språkkontaktforsking

Teoriar og modellar


Kapittel 2: Hjalmar Falk og Alf Torp – det «umoglege» ved å beskrive norsk riksmål med teori og metode frå 1800-talet (Ernst Håkon Jahr)

Parhestane Hjalmar Falk og Alf Torp

Hjalmar Falk

Alf Torp

«Skriftsprogets lydhistorie» (Torp og Falk 1898)

Hjalmar Falk: «Om lydlove og analogi»

Paradigme og anomaliar

Andre verk av Falk og Torp

Språkpolitisk bruk av Torp og Falk 1898


Kapittel 3: Didrik Arup Seip – språkpolitikar og språkhistorikar (Ernst Håkon Jahr)

Kort biografi

Seips posisjon i akademia

Språkpolitisk utvikling

Østlandsk reisning

Seips hovudprosjekt som språkhistorikar

Seips språkhistoriske metode

Lånordstudiar

«Strukturell terapi»

Eit høgre lesetalemål i mellomalderen?

Seips faglege autoritet, namnestrider


Kapittel 4: På leit etter norskdom – språkhistorie som nynorsk nasjonsbygging (Gudlaug Nedrelid)

Språkgransking og språkpolitisk engasjement

Landsmålsprofessoren Marius Hægstad

Hægstads «tiltrædelsesforelesning»

Gamalt trøndermaal

Hildinakvadet

Maalet i dei gamle norske kongebrev

Vestnorske maalføre fyre 1350

Vestnordisk som ein del av det norske målvaldet

Hægstad sedd i ettertid

Etterfølgjaren i professoratet: Sigurd Kolsrud

«Målprofessorane» i Bergen: Torleiv Hannaas og Gustav Indrebø

Torleiv Hannaas

Gustav Indrebø

Norsk Målsoga

Gamalnorsk i Norsk Målsoga

Mellomnorsk i Norsk Målsoga

Nynorsk tid i Norsk Målsoga

Vurderingar av Norsk Målsoga

Indrebø sedd i ettertid


Kapittel 5: Per Nyquist Grøtvedt og Egil Pettersen – nøytrale empirikarar? (Marit Aamodt Nielsen)

Utan språkpolitisk program

Austnorsk og vestnorsk

Per Nyquist Grøtvedt

Mellomnorske diplom 1350-1450

Pragmatisk teoritilnærming

Sosiolingvistisk perspektiv

Språkkontaktperspektiv

Skrift og tale, skrifttradisjon

Utviklinga av skriftspråket

Skrift og tale i diplom frå Folden 1350-1450

Egil Pettersen

Språkbryting, norvagismar

Vestnorske språktilhøve i mellomnorsk tid

Norsk eller dansk?

Metodiske 25-årsbolkar

Skriftformer i fokus

Morfologi og syntaks i diplommaterialet

Strukturalistisk tilnærming

Avslutning om Grøtvedt og Pettersen


Kapittel 6: Avslutning (Ernst Håkon Jahr)

Litteraturliste


Personregister


ISBN 978-82-7099-866-1, 156 sider, innbundet
Format: 14,5x22,5 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2016, språk: nynorsk

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid