Bø, Sigrid/Jarnfrid Kjøk: Lekamslyst II

Bø, Sigrid/Jarnfrid Kjøk: Lekamslyst II

  • 495,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Erotisk folkedikting i Noreg


Boka Lekamslyst II : Erotisk folkedikting i Noreg presenterer tekstene frå eit prosjekt om erotisk folkedikting. Det fyrste bandet, Lekamslyst I : Om erotikk i norsk folkedikting (2008), drøftar erotiske motiv og biletbruk. Tekstbandet inneheld eventyr, segner, viser og stev frå heile Noreg, medrekna samiske område, til saman 1434 tekster ordna i 31 motiv.

Ein vesentleg del av tekstene er transkriberte etter oppskrifter i handskriftsamlingane i Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo. Dei fyrste store samlarane som Peter Christen Asbjørnsen, Jørgen Moe, Ivar Aasen, Magnus Brostrup Landstad og Ludvig Mathias Lindeman og seinare samlarar som t.d. Moltke Moe, Ole Tobias Olsen, Just Knut Qvigstad, Edvard Langset og Torleiv Hannaas var tru mot tradisjonen. Handskriftsamlingane syner at dei har sett verdien i det mangslungne forteljar- og songstoffet som levde blant folk i bygd og by. Dei har skrive ned det heimelsmennene song og fortalde, også det skjemtande og grove som dei ikkje kunne publisere for skuld strenge utuktslover og allmenne normer for det sømelege. Tekstsamlinga, Lekamslyst II, spenner over eit breitt register, frå høvisk og romantisk-poetisk omskrivande stoff til skjemtande og dels grove og direkte framstillingar av kjønnsliv. Med kartlegging, transkripsjon og ordning av dette materialet fyller denne boka eit tomrom i dokumentasjonen og kunnskapen om folkediktinga i Noreg.

Sigrid Bø, førsteamanuensis i kulturvern og kulturhistorie ved Høgskolen i Telemark/Bø, har publisert fagartiklar og bøker om emne innan kulturvern og kulturhistorie. Ho er frå Valle i Setesdal, frå ein heim og eit miljø med solide forteljartradisjonar.

Jarnfrid Kjøk, cand. philol. i historie frå Universitetet i Oslo. Ho er frå Lom i Gudbrandsdalen, med oppvekst i eit rikt folkemusikkmiljø. Ho har publisert bøker og artiklar om lokalhistorie og folkemusikk. Saman med faren, spelemann og tradisjonssamlar, har ho skrive bok om spelemenn, spel og dans i Ottadalen


Innhald

Forord 5

Innleiing 9

1. Om innhaldet i boka 9
Arkiv og handskriftsamlingar 10
Skrivemåte og skriftnorm 11

2. Tradisjonsmaterialet og tradering 13
Erotisk tradisjonsmateriale 14
Bruksmiljø 15

3. Narrationes lubricæ og obskjøne viser 17
Om samlarar og utforming av narrationes lubricæ for publisering 18
Peter Christen Asbjørnsen 18
Asbjørnsensamlinga 20
Asbjørnsens utforming av erotiske eventyr 22
Moltke Moe (1859–1913) 25
Ole Tobias Olsen (1830–1924) 27
Just Knut Qvigstad (1850–1954) 29
Obskjøne viser i arkiv og publikasjonar 30
”Bordellviser” 30
Sjømannsviser 32
Obskjøne viser i publikasjonar 34
Oppsummering 36

Tekstsamling

Motivgruppe I: Det erotisk mytiske 39

Kapittel 1 Landskap 41

Kapittel 2 Kraft og lyst 75

Kapittel 3 Adam og Eva 95

Kapittel 4 Huldrefolket 115

Kapittel 5 Bergtaking 145

Kapittel 6 Død 169


Motivgruppe II: Den erotiske kroppen og møtet 201

Kapittel 7 Kropp 203

Kapittel 8 Unemneleg 239

Kapittel 9 Møte 263

Kapittel 10/11 Truskuld/Møydom og sveindom 287

Kapittel 12 Forføring 315

Kapittel 13 Tapt kjærleik 349

Kapittel 14 Draum 365

Kapittel 15 Leik og dans 389


Motivgruppe III: Det erotisk institusjonelle 413

Kapittel 16 Friing og truloving 415

Kapittel 17 Bryllaup og brurseng 453

Kapittel 18 Brurrov og brurnugg 485

Kapittel 19 Ekteskap og ekteseng 511

Kapittel 20 Impotens og kastrasjon 543

Kapittel 21 Hor 555

Kapittel 22 Frillelevnad 569


Motivgruppe IV: Det erotisk avvikande 581

Kapittel 23 Utukt 587

Kapittel 24 Valdtekt 609

Kapittel 25 Samkjønna lekamslyst 629

Kapittel 26 Incest 649

Kapittel 27 Tidelag 665


Motivgruppe V: Erotisk moral og rett 679

Kapittel 28 I ulykka 681

Kapittel 29 I retten 707

Kapittel 30 Dulsmål og drap 731


Motivgruppe VI: Erotisk-politisk satire 757

Kapittel 31 Ap med og hemn over presten 759



Litteratur og kjelder 807

Litteratur 807

Kjelder 809

Trykte kjelder 809

Digital litteratur og kjelder 814

Cd-publikasjonar med teksthefte 817

Utrykte kjelder 817

I. Offentlege arkiv og samlingar 817

II. Private samlingar 819

Munnlege kjelder 819

Forkortingar 821

Illustrasjonar 822

Alfabetisk tekstregister 825

Vedlegg 844

Utdrag av før- og etterreformatoriske lover og forordningar om folks samliv 844



ISBN 978-82-7099-837-1, 860 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 2 kg, publiseringsår 2015, språk: nynorsk

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid