Nordstoga, Sveinung: Varsel, venting, vandring - Vegar inn i Tarjei Vesaas’ diktarlandskap

Nordstoga, Sveinung: Varsel, venting, vandring - Vegar inn i Tarjei Vesaas’ diktarlandskap

  • 300,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Tarjei Vesaas skreiv Det store spelet, Fuglane og Is-slottet, men han skreiv også Fars reise, Signalet og Brannen. Dei sistnemnde verka har ein viktig plass i denne boka. Artikkelsamlinga Varsel, venting, vandring. Vegar inn i Tarjei Vesaas’ diktarlandskap tek for seg fleire av dei Vesaas-verka som har kome i skuggen av dei store bøkene, men som likevel fortener merksemd.

Dei behandlar tema som den kollektive handlings­lamminga, menneske som kjempar mot destruktive krefter og oppleving av demoniserte tilstandar. Formspråket til Vesaas blir utforska, der påverknaden frå det tyske ekspresjonistiske teateret er tydeleg og der ein ser korleis diktaren skriv fram dramatiske ­situasjonar som er absurde og skremmande. Dessutan viser artiklane kor sentral allegorien er i diktinga.

Boka inneheld, i tillegg til ein oversynsartikkel, 10 ulike artiklar om 10 ulike verk – alle med kvar si teoretiske tilnærming. Slik får ein eit samansett bilete av tekstane, og ein får eit inntrykk av kor mangfaldige og utømmelege dei er. Lesarreaksjonar og kritikarreaksjonar blir også lagt vekt på. ­Vesaas-teksten er open og inviterer til ulike lesingar. Dette fortel oss korleis litteratur kan bli vurdert frå ulike ståstader og perspektiv.

Sveinung Nordstoga er dosent i norskdidaktikk ved Institutt for ­lærarutdanningsfag, Høgskolen i Telemark. Han har publisert fleire bøker og artiklar om norskdidaktiske og litterære emne.


Innhald

Innleiing 13

Resepsjon 16

Det tyske ekspresjonistiske teateret 17

Mennesket, natur og skrift. Nokre særtrekk ved diktinga til Tarjei Vesaas. 20

Krigsangst 20

Ein rik skriftkultur 24

Sentrallyriske tema 27

Den mytiske diktaren 29

I spennet mellom romantikk og modernisme 36

Samanfatning 38

Mytar og barneskildring. Dei svarte hestane (1928) – i lys av modell- lesaren 40

Lesingar og popularitet 41

Modell-lesaromgrepet 44

Analyse 46

Mytiske fortelje-element 46

Barneskildringa 52

Nokre meldarar og ein konklusjon 54

Kunstnaren tar grep. Fars reise (1930) – i lys av Viktor Sjklovskijs artikkel «Kunsten som grep» 57

Kunsten som grep 58

Analyse 59

Dirren og dammen 63

Behovet for kommunikasjon 65

Samanfatning og nye perspektiv på teksten 67

Okkupasjon og omfamning. Huset i mørkret (1945) – resepsjonshistoriske lesingar 69

Presentasjon 69

Ekspresjonistiske trekk 70

Nokre lesarar og kritikkar 72

Familiane ved sundet. Tårnet (1948) – allegori som litterær estetikk 80

Teoretisk utgangspunkt 84

Analyse 86

Konklusjon 93

«Det er ei bok av meg som heiter Signalet». Signalet (1950), lese som absurd drama og perspektivert i høve til Paul de Mans modernitets- og allegoriforståing 95

Presentasjon og resepsjon 95

Teorigrunnlaget for lesinga 100

Det absurde drama: ein analyse 102

Perspektiv på moderniteten, historia og allegorien 111

Eit nytt perspektiv 117

Litterære lykketreff. Vindane (1952) som historisk tekst. Nokre noveller og nokre diskurstypologiar 118

Kornet over havet. 121

Den ville ridaren 124

Fall 129

Ein motig maur 131

Siste-mann heim og Laurdagskveld 134

Naken 138

Vesle-Trask 140

Tusten 144

Avsluttande kommentarar til analysane 147

Urolege villender? Vårnatt (1954) – ein narratologisk analyse 149

Presentasjon og resepsjon 149

Teori og analyse 154

Konklusjon 163

Vandring i eld og væte. Brannen (1961) – ein analyse av forfattarfunksjonen og ei jamføring med Draumkvedet 165

Presentasjon og resepsjon 166

Forfattarfunksjon 172

Analyse av forfattarfunksjonen 175

Forfattarfunksjon – konklusjon 186

Brannen som visjonsdikting med vekt på Draumkvedet 187

Bruer mellom draum og røyndom. Bruene (1966) som kronotop... 191 Presentasjon og resepsjon 192

Teorigrunnlag 194

Analyse 197

Konklusjon 202

«Hjartet er kløyvd i to i all løynd….». Forteljaren i «Slik det står i minnet» i Båten om kvelden (1968) 204

Kjell Ivar Skjerdingstads lesing av «Slik det står i minnet» 206

Andre lesingar 207

«Slik det står i minnet» – analyse av forteljeperspektivet 209

Samanfatning og konklusjon 214

Avsluttande kommentarar 216

Epilog 219

Litteraturliste 221

Primærtekstar 221

Sekundærlitteratur 221


ISBN 978-82-7099-833-3, 230 sider, heftet
Format: 15,5x23 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2015, språk: nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid