Lognvik, Anne: Tradisjonen tru - Om folkedraktgranskar Aagot Noss

Lognvik, Anne: Tradisjonen tru - Om folkedraktgranskar Aagot Noss

  • 335,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Aagot Noss fekk ein dramatisk start på livet, og dramatikk blei det seinare i livet også. Mora døyde i barselseng, og Aagot voks opp hjå besteforeldra. Far sin hadde ho nesten ingen kontakt med. Ho var ei gåverik jente, og fekk gå på skule. Men krigen sette stoppar for ein del av skulegangen.

”Vi liker ikke filologer” fekk Aagot høyre då ho kom som ung til Norsk Folkemuseum. Likevel blei ho der i førti år. År med glede, store oppgåver og konfliktar. Bunadsdronninga blei ho kalla. Knapt nokon har gjort så mykje for å samle og spreie kunnskap om norske folkedrakter. Boka har eit unikt bildemateriale, og speglar ein av dei store kulturpersonlegdomane i vårt land i medgang og motgang.

Anne Lognvik er journalist med nær førti år bak seg i NRK. Ho kjem frå Rauland i Telemark og har bygdebakgrunn som Aagot Noss. Gjennom sine universitetsstudium blei ho kjent med Noss som ­forelesar på etnologi. Boka byggjer på intervju med Aagot Noss, familie, kollegaer og folk som stod henne nær. Forfattaren har lagt vekt på å lage ein ærleg biografi, ikkje eit glansbilde.

Tone Oppsato frå Ål er bilderedaktør for boka. Ho har design-utdanning og har blant anna vore med på å lage bokserien Gamle Aal. Bildematerialet er skaffa frå familie og venner, tidlegare kollegaer av Noss i inn- og utland, og ein del nye foto.


Innhald

Halvard Bjørkvik: Føreord
Anne Lognvik: Takk til gode hjelparar


Kapittel 1: Barndom
   Aagot Noss den yngre

Kapittel 2: Starten på livet – Søre Dengerud og Ivarsgarden
   Ivarsgarden
   Kamp for å overleva
   Livet på Søre Dengerud
   I foreldra sin stad for Aagot Noss
   Å vera stolt av bakgrunnen sin
   Å lære så ein kan klare seg sjølv

Kapittel 3: Utdanning
   Flekkefjord og privat realskule
   Sjåstad Husmorskole i Lier
   Artium på Hønefoss
   Ei blømingstid for skule og utdanning
   Universitetet
   Student
   Kvinner og arbeid
   Ikkje eit liv i sus og dus
   Hamskifte

Kapittel 4: Samlarferdene
   Lærar ville ho bli
   Kvar skal me starta innsamlingsarbeidet?
   Mellombels stilling på Norsk Folkemuseum og første samlarferd
   Nasjonaldrakta
   På sykkel
   Tett på livet
   Framsynt av Norsk Folkemuseum
   Konservator
   I spora etter Klara Semb
   Ein ekte bunad?
   Aagot lærde oss å sjå
   Den nye tida
   Bymotar
   Dei gode kjeldene
   Inspirerte andre til å leite

Kapittel 5: Livet på Norsk Folkemuseum
   Kultur i retur
   Gjennomføringsevne
   Omlegging
   Vanskeleg økonomi
   Leiar på museet
   Mordernisering og jubileum
   Jubileumsutstillinga Folk og klede
   By og land?
   Aktiv og arbeidsglad
   Utstillingsepilog

Kapittel 6: Feltarbeid i Bykle og Setesdal
   Feltarbeid i Setesdal
   Dokumentasjon for ettertida

Kapittel 7: Samlingane frå det Nordiska museet
   Norden-tanken
   Ei nasjonal storhending

Kapittel 8: ”Alle” har kome til Aagot
   Mona Cappelen skriv om Aagot
   Inspirasjon for dei unge

Kapittel 9: Det norske Amerika og internasjonalt arbeid
   Nettverksbygging
   Internasjonale oppdrag
   Internasjonal ekspert

Kapittel 10: Nordmandsdalen
   Skulpturane i Nordmandsdalen
   Tante Anne hadde ideen
   Radarparet Fedje og Noss
   Måtte leite for å finne skulpturane
   Interesserte dronningar
   Med kong Olav på loftet

Kapittel 11: Nærbilde av forfattaren – bøker og filmar
   Fjernsyn
   Folkedrakter i kunsten
   Folket og livet dei levde var skattekista
   Serien Norske folkedrakter – fire kunstnarbøker
   Kva er det ho har gjort?
   Bibelen når det gjeld folkedrakter
   Særnorsk eller felleseige?
   Pensjonisten skriv
   Om å bli høyrt og sett
   Bokproduksjonen til Aagot Noss i kronologisk rekkefylgje

Kapittel 12: Kongens gull
   1986 Pris frå Kungliga Gustav Adolfs Akademien
   Kongens gull i 1994
   St. Olavs orden, ridder av 1. Klasse i 2003
   Æresmedlem Norsk Folkemuseums Venner 2001
   Prisar og utmerkingar

Kapittel 13: Ein pioner
   Det som ikkje vart

Kapittel 14: Dame Aagot – dei sterke banda og livet som vart
   Ål er heime
   Tante Aagot
   Siste turen til Ål
   Tida tagnar
   Den siste kvilestaden

Sluttord

Minneord om Aagot ved gravferda

Kjelder og kontakter


ISBN 978-82-7099-824-1, 230 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 0,9 kg, publiseringsår 2016, språk: nynorsk


Vi anbefaler også

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid