Tveito, Finn: Løgn og litteratur - Bruk av løgner i litteraturen og i det sosiale livet

Tveito, Finn: Løgn og litteratur - Bruk av løgner i litteraturen og i det sosiale livet

  • 240,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Mennesket er eit løgnaktig vesen. Løgner blir ofte brukte for å føra einkvan bak lyset, anten det går ut over enkeltindivid eller store grupper. Det mest alvorlege løgnaren gjer, er at han misbrukar den naturlege tilliten som dei fleste individ har til kvarandre.

Når løgner blir omtalte, blir dei gjerne blanda saman med sjølvbedrag og illusjonar. Men det er ei uheldig samanblanding. Det å lyga er ei medviten og intensjonell handling, i motsetnad til det sjølvbedraget er. Løgnaren fører oss bak lyset med fullt overlegg.

Denne boka er eit forsøk på å klara opp i spørsmålet om kva ei løgn er, og korleis me bør handtera løgner som sirkulerer ikring oss.

I tillegg til eit innleiande teori-kapittel har boka analysar av skjønnlitteratur som tematiserer ulike sider ved den rolla løgner spelar for menneska. Dei litterære tekstane er skrivne av forfattarar frå ulike tider, frå Plautus i Romarrikets tid og frametter til Jane Austen, Marcel Proust, Fjodor Dostojevskij, Jan Kjærstad, m.fl.


Finn Tveito er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Han har tidlegare gitt ut boka Det vandrande mennesket (Novus, 2010).


Innhaldsliste

Føreord 7

Kapittel 1: Løgnaren og det løgnaktige 15

Kva er ei løgn? 16

Ressentimentsprega løgner 23

Naudsynte løgner, legitime løgner 26

Antikkens syn på løgn 33

Den problematiske sanninga 38

Løgn og kunst 45


Kapittel 2: Løgnaren som komediefigur 55

Plautus: Løgnhalsen 56

Pierre Corneille: Løgnaren og Framhald av Løgnaren 59

Carlo Goldoni: Løgnaren 66


Kapittel 3: Løgner for å oppnå det ein vil, eller for å koma seg opp og fram 73

Giovanni Boccaccio: Dekameronen 75

Jane Austen: Stolthet og fordom 79

Arne Garborg: Bondestudentar og Mannfolk 86


Kapittel 4: Livsløgner 95

Henrik Ibsen: Et dukkehjem 98

Henrik Ibsen: Gengangere 101

Henrik Ibsen: Vildanden 105

Tennessee Williams: Katt på heitt blikktak 111


Kapittel 5: Ideologiske og politiske løgner 121

Fjodor Dostojevskij: De besatte 122

George Orwell: Nittenåttifire 128

Jan Kjærstad: Homo Falsus, eller Det perfekte mord 133


Kapittel 6: Individets løgner 147

Marcel Proust: På sporet av den tapte tid 148

Richard Yates: “Liars in love“ 158

Henry James: “The Liar“ 162

Romanar av Albert Camus, Steve Tesich og Martin A. Hansen 167

Albert Camus: Fallet 167

Steve Tesich: Karoo 170

Martin A. Hansen: Løgneren 173


Sluttord 181


Litteraturliste 187


ISBN 978-82-7099-767-1, 194 sider, heftet
Format: 12x19,5 cm, vekt 0,3 kg, publiseringsår 2014, språk: nynorsk

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid