Sandøy/Jahr (red.): Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525-1814)

Sandøy/Jahr (red.): Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525-1814)

  • 300,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Minneskrift for Kjartan Ottosson

Perioden tidleg nynorsk tid, dvs. frå 1525 (ev. 1537) til 1814, blir òg kalla tidleg moderne tid eller tidleg ny tid. Primærkjeldene frå perioden er fåe, og forskinga på tidleg nynorsk tid har dermed hatt mykje preg av at ho gjeld den firehundreårige natta.

Kjeldene byd på særlege utfordringar når ein skal bruke dei i språkhistoria i og med at dei mest følgjer dansk skriftmønster og berre delvis er meint å skulle spegle bestemte norske dialektar.

Artiklane i denne boka viser korleis ein kan bruke kjeldene, og korleis ein kan dra slutningar om utviklinga i talemålet i ulike landsdelar. Dette gjeld både fonologi, morfologi og syntaks. Men den språklege situasjonen er òg interessant med tanke på kva mønster eller norm skrivarane la seg etter når dei formulerte dokument, og korleis dei opplevde situasjonen i ei tid då oppfatningane av språk kan ha vore nokså annleis enn dei vi har i dag. I språkhistoria brukar ein omgrepet ‘norva­gismar’, men kva stod det for i samtids­kulturen? Både dette og utviklinga i person­namn­skikken i tida blir drøfta.

Artiklane er resultatet av eit fagseminar hausten 2010. Seminaret var organisert av professor Kjartan G. Ottosson, som døydde før det blei halde. Derfor er boka vigd minnet hans, og i boka står også minneord om han og ein bibliografi over publikasjonane hans.


Artikkelforfattarane er Ivar Berg, Haraldur Bernharðsson, Arnold Dalen, Jan Ragnar Hagland, Ole-Jørgen Johannessen, Endre Mørck, Agnete Nesse, Helge Sandøy, Erik Simensen, Martin Skjekkeland, Inge Særheim og Arne Torp.

 


Innhald

Helge Sandøy & Ernst Håkon Jahr: Forord 5

Arne Torp: Kjartan Ottosson 8

Ivar Berg: Mellom norsk og dansk: Skriftspråk og talemål ikring 1500 17

Agnete Nesse: ”Norskheter i språket hos ...” – Et eksempel på minimalistisk språkhistorieskriving? 32

Martin Skjekkeland: Kva ei ordsamling frå Agder fortel om talemålet på 1600-talet 48

Jan Ragnar Hagland: Kring medvitet om eit EIGE norsk språk på 1700-talet 64

Ole-Jørgen Johannessen: Olav og Anna. Innlånte navn og nordiske navn på 1500- og 1600-tallet 71

Erik Simensen: Eldre austlandsmål 97

Inge Særheim: Nokre kjelder som gjev opplysningar om sørvestlandsk mål i eldre nynorsk tid 108

Helge Sandøy: Nordvestlandsk i tidlig moderne tid 124

Arnold Dalen: Trønderske dialekttekster frå 1700-talet som kjelder til opplysning om talemålet i samtida 144

Endre Mørck: Noen hovedtrekk ved eldre nynorsk syntaks 156

Haraldur Bernharðsson: Bibliografi, Kjartan G. Ottosson (1956–2010) 183

Tingarliste 189

Om forfattarane 192


ISBN 978-82-7099-655-1, 193 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2011, språk: bokmål/nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid