Sandøy, Helge: Romsdalsk språkhistorie

Sandøy, Helge: Romsdalsk språkhistorie

  • 380,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Ein dialekt er eit språk. Språkhistoria sett gjennom dialekten blir nærhistorie, som kan gjere det muleg å sjå det større i det mindre.

Romsdalsk språkhistorie drøftar språket i fogderiet

Romsdal heilt frå førhistorisk tid og opp til dagen i dag. Tydelege særmerke for romsdalsdialekten dukkar fram i middelalderen, og me kan så følgje utviklinga i enkeltdrag frå tidbolk til tidbolk fram til slik me snakkar no. I framstillinga er det òg viktig å få fram korleis språk har spela og spelar ei rolle i samfunnet og for kvar enkelt av oss. Språket vedkjem oss, og derfor har me meiningar om språk. Meiningane forandrar seg òg med tida.
Eldste språkminna er stadnamna våre, som me brukar kvar dag. Eldste skriftlege minnet i Romsdal er ein runestein frå Vistdalen frå sirka 400 e.Kr. Yngste skriftlege minnet kan vere SMS-en du nettopp sendte, for dialekten har fått nye bruksområde. I middelalderen skreiv romsdalingar på skinn, og på 1700-talet prøvde somme å gjengi dialekten i viser. På 1800-talet prøvde ein tresfjording seg med ein bibeltekst på romsdalsk.

Språket er eit kulturelt minne, og likeins som materielle kultur­minne skal det hjelpe oss å sette vårt eige liv og vår eiga samtid inn i ein historisk samanheng. Språket er eit sosialt fenomen som finst utan å bli sett. Men me treng å bli gjort oppmerksame på det.


Helge Sandøy, fødd i Bud i 1947, er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.


Innhald

1. Dialekt 13
1.1. Roms­dalsk? 13
1.2. Støste og føste tåskan9 17
1.3. Pengan, jentan og kronestøkkan.

Resultatet av ei smeltegryte. 18

1.4. Identitet, moderne og urban – eller glokal? 19
1.5. Boka 23

2. Kva skil oss?

Geografiske forskjellar i Roms­dal 25

2.1. Eit lappeteppe 25
2.2. Sams 28
2.3. Indre forskjellar 31
2.4. Typar roms­dalsk 40

a. Vestre roms­dalsk 40, b. Søre roms­dalsk 43, c. Fjorda­dia­lekten 45, d. Ytre roms­dalsk 46, e. Moldedialekten 47

2.5. Oppsummert 49


3. Eldste spora 51
3.1. Første kjente roms­dalingen 51
3.2. Kven var her før oss? 54
3.3. Språklege spor etter folk 59

a. Områdenamn 59, b. Gamle elvenamn 60, c. Gamle fjordnamn 61, d. Gamle øynamn 62, e. Gamle fjellnamn 63, f. Namnet Roms­dal(en) - eit mysterium 63, g. Kor gamle? 73

3.4. Busetnadsnamna 73

a. Usamansette naturnamn 73, b. Namn samansett med -vin 75, c. Namn samansett med -heim 76, d. Namna på -stad 77, e. Namna på -land 79, f. Namn samansett med -set 79, g. Namna i bestemt form 80, h. Samansette naturnamn 81


4. Roms­dalsken i støypeskeia 83

Allmennhistorie 83

4.1. Roms­dal fylke 83
4.2. Gamle administrasjonsgrenser 83
4.3. Busetnad og folketal 87


Språklege vitnemål 93

4.4. Roms­dalsk midt på 1300-talet. To dokument 93
4.5. Dokument frå 1412 100
4.6. Aslak Bolt-jordeboka 103
4.7. Før den nye tida kjem 107


Språkforandringar 109

4.8. Lydane 110

A. Vokalane 110, B. Konsonantane 115

4.9. Formene 121

A. Pronomen 121, B. Substantiv 121, C. Adjektiv 127,

D. Verb 128

4.10. Setningane 129
4.11. Orda 130
4.12. Mellom vest og aust – ei oppsummering 131


Språkkulturen 133

4.13. Skriftkulturen 133
4.14. Veøy-breva 136
4.15. Middelalderen og menneska 139

a. Tida 139, b. Personane og namna 140, c. Måleiningar 142, d. Tidfestingane 142


5. Den nye tida etter 1500 145

Allmennhistorie 145

5.1. Ein ny stat 145
5.2. Inndelinga av fogderiet 146
5.3. Busetnad og folketal 147


Språklege vitnemål 149

5.4. Skattemanntal og matriklar 149
5.5. Eit bryllopsdikt 154
5.6. Første dialektoppskrivaren 159
5.7. Andre språklege kjelder 169

Språkforandringar172

5.8. Lydane 173

A. Lengda på lydane 173, B. Vokalane 173,

C. Konsonantar 178

5.9. Formene181

A. Pronomen 181, B. Substantiv 183, C. Verb 186,

D. Artiklar 186

5.10. Setningane187
5.11. Inneklemt mellom nord og sør.

Om tida etter reformasjonen 189


Språkkulturen191

5.12. Dansk blir Språket 191
5.13. Kyrkje, konfirmasjon og skulevesen 197
5.14. Kva tenkte folk om språket? 198
5.15. Personnamn 199


Språkkontakt203

5.16. Kvar møttest roms­dalingane? 203
5.17. Nye kontaktar med utlandet 205
5.18. Molde. Bymål og embetsmannsmål 207


6. Nasjonen skal byggast – 1800-talet 213

Allmennhistorie 213

6.1. Nasjon og nasjonalromantikk 213
6.2. Folketal og busetnad 214
6.3. Administrasjon 216


Språklege vitnemål 217

6.4. Fleire viser på dialekt 217
6.5. Roms­dalsk bibelmål 221
6.6. Korleis snakka roms­dalingen tidleg på 1800-talet? 227


Språkforandringar 229

6.7. Lydane 229
6.8. Formene 230

A. Pronomen 230, B. Substantiv 231, C. Adjektiv 231,

D. Talord 233, E. Verb 233, F. Preposisjonar 234

6.9. Setningane 235
6.10. Oppsummering 236


Språkkulturen236

6.11. Tankar om språk tidleg på 1800-talet 236
6.12. Den nasjonale vakninga i Roms­dal 242
6.13. Bjørnstjerne Bjørnson 243
6.14. Ungdomslag og målrørsle 246
6.15. Skulemålet 247
6.16. Personnamn 249


Språkkontakt 251

6.17. Næring og by 251


7. Den moderne tida – 1900-talet 255

Allmennhistorie 255

7.1. Modernisering 255
7.2. Administrasjon, folketal og busetnad 256
7.3. Romsdalsk på offensiven 259


Språklege vitnemål 261

7.4. Innsamlingar og undersøkingar 261
7.5. Tradisjonssamlingar 265

A. Havmainn 265, B. Julleik 265, C. Brukaret 266,

D. Gåter og ordtak 266, E. Vise 267,

F. På Romsdals-martnan 267


Språkforandringar 268

7.6. Lydane 268

A. Lengda på vokalane 268, B. Vokalar 268,

C. Konsonantar 270

7.7. Formene 272

A. Pronomen 272, B. Substantiv 273, C. Verb 274

7.8. Setningane 275
7.9. Orda 275
7.10. Oppsummering 276


Språkkulturen 277

7.11. Tankar om språk på 1900-talet 277
7.12. Amts- og fylkes-namnet 280
7.13. Opprydding i stadnamna 284
7.14. Språkleg sjølvhevding 286
7.15. Språkholdningar 291
7.16. Personnamn 296

Språkkontakt 300

7.17. Molde bymål 300


8. Eit oppsummerande eksperiment 307


Litteratur 311


Vedlegg: Oversikt over Norvegia-teikn til lydskriving av roms­dalsk 321


Notar 323


Register 331


Grammatikkruter

1. Preposisjonar ved stadnamn i romsdalsk 124
2. Dativ i romsdalsk 158
3. Substantivbøyinga i romsdalsk 170
4. Personlege pronomen i romsdalsk 182
5. Eigedomspronomen – bøyingar i romsdalsk 184
6. Peikande pronomen i romsdalsk 184
7. Verbbøyinga i romsdalsk 188
8. Adjektivbøyinga i romsdalsk 232


Kart

1: I som pronomen i 1. person eintal 16
2: Gammal kommuneinndeling (før 1964) 26
3: Ny kommuneinndeling (etter 1964) 27
4: Tjukk l i norsk 29
5: Infinitivs-endingar i norsk 29
6: Svake hokjønnsord i ubestemt fleirtal 32
7: Uttalen av nd 32
8: Konsonantsambandet nd 34
9: Avrunding av y og øy 35
10: Nyare monoftongering av ei og øy i norsk 36
11: Pronomenet i første person fleirtal subjektsform 38
12: Inndeling av Roms­dalen i mindre dialektområde 41
13: «Urheim» og vandringsvegar for indoeuropearane 55
14: Roms­dal fylke i seinmiddelalderen 85
15: Gardane på Gossa delt mellom åttingane 87
16: Sager det blei betalt skatt for i Roms­dalen i 1623 148
17: Roms­dalskysten på nederlandsk kart frå 1600-talet 208

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid