Lothe (red.): Forsking og menneskerettar
Korleis kan forsking fremje menneskerettane? Og korleis oppfattar forskarar frå forskjellige fag og disiplinar menneskerettar innanfor si forsking?
Kapitla i denne boka er skrivne av 14 forskarar som representerer varierande fagtradisjonar og forskingsmetodar. Dei viser at menneskerettsspørsmål er aktuelle som aldri før, og inspirerer forskarar i eit breitt spekter av fag. Sjølv om menneskerettane tar ulik form i ulike fag, viser boka at dei er viktige også i fag der dei er mindre synlege. Forskarane som skriv i denne boka, konsentrerer seg om grunnleggjande menneskerettar med stikkord som fred, fridom, likskap, verdighet, utdanning og fråver av diskriminering av svake enkeltindivid, grupper eller folk. Forsking har bidratt til at desse menneskerettane i dag står sterkare internasjonalt enn nokon gong. Men nettopp fordi menneskerettane er blitt så synlege og internasjonalt nærverande, blir det tydeleg kor grove brota på dei er i mange land, og kor mykje arbeid som står att før dei er sikra som rettar for alle menneske. Kapitla i boka er reviderte og ajourførte versjonar av foredraga på ein konferanse som menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi arrangerte i desember 2015.
Jakob Lothe er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo og leiar av menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi.
Innhald
Forord
Jakob Lothe
Introduksjon
Dagfinn Føllesdal
Menneskerettigheter, hva kan akademiene bidra med?
Ole Petter Ottersen
Globale helseulikheter i et menneskerettighetsperspektiv
Astri Andresen
Menneskerettighetene som mulighet og begrensning i samepolitikken etter 2. verdenskrig
Øyvind Østerud
Utfordringer i utviklingen av menneskerettigheter
Hans Petter Graver
Menneskerettigheter, rett og moral
Randi Rønning Balsvik
Høyere utdanning i verdens fattige land – en menneskerett?
Dag O. Hessen
Menneskeretter i et miljøperspektiv
Henrik Syse
Hva er den mest grunnleggende av menneskerettighetene?
Jan Inge Sørbø
Å gje menneske stemme. Humaniora og humanitet
Reidun Førde
Menneskerettar i helsetenesta: Kan moderne medisin krenke menneskeverdet?
Jan-Olav Henriksen
Utfordringer for teologisk arbeid med menneskerettighetene
Lena Larsen
Religionsvitenskap som metodisk tilnærming til fremme av retten til tros- og livssynsfrihet
Cora Alexa Døving
Minoritetsforskning og menneskerettigheter
Jakob Lothe
Litteratur som forsvar av menneskerettar
Bidragsytarar
Register
ISBN 978-82-7099-884-5, 171 sider, innbundet
Format: 15x22 cm, vekt 0,5 kg, publiseringsår 2017, språk: bokmål/nynorsk