Skjekkeland, Martin: Språk og samfunn i endring

Skjekkeland, Martin: Språk og samfunn i endring

  • 300,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Ein studie av tilhøvet mellom lokal identitet og talemålsutvikling

Denne boka handlar om tilhøvet mellom språk og samfunn. By og land og samvariasjonen mellom språkbruk og lokal identitet står sentralt i denne studien. Forfattaren gjennomgår i første del av boka sentrale pro­blem­stillingar innafor norsk og nordisk sosio­lingvistikk og viser korleis det sosio­lingvistiske teorigrunnlaget har endra seg frå 1970-talet og fram til i dag.

I den andre delen av boka blir det gjort greie for ei empirisk gransking av og

om tale­målet til 41 ungd­ommar i Kvinesdal, vest på Agder. Her gjer forfattaren bruk av dei syns­måtane nyare sosiolingvistikk har utvikla i leitinga etter samanheng mellom den språklege strategien til språkbrukaren (ungdommen) og dei sosiale og kulturelle tilhøva den enkelte ungdommen er ein del av. I utgreiinga legg forfattaren særleg vekt på to problem­stillingar. Den eine gjeld språk­bruken til informantane og den haldninga dei har til det lokal­miljøet der dei er oppvaksne. Den andre gjeld språkbruken til informantane sedd i høve til ei tenking om språk og person­leg­dom.

Til slutt i boka prøver forfattaren å finna ut kva for påverknadsfaktorar som gjer seg gjeldande i, og er avgjerande for talemålsutviklinga på Agder.


Martin Skjekkeland er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder.

 

 

Innhald

Forord 5

Innhald 7

0 Innleiing 13

0.1 Transkripsjon 14

Del I – Teoretisk drøfting 17

1 Sosiolingvistikken – nye emne, nye metodar 17

1.1 Studium av språk og samfunn i Noreg 18

1.2 Det psykososiale og det interaksjonelle kjem i sentrum 20

1.3 Bruken av variablar i sosiolingvistikken. 21

1.4 Sosioøkonomiske og sosiale variablar 21

1.4.1 Sosial lagdeling og sosioøkonomisk status i byar og bygder 22

1.5 Tradisjonelle sosiale variablar – region, alder og kjønn 23

1.5.1 Region 23

1.5.2 Alder 24

1.5.2.1 Er ungdommens språk framtidas språk? 26

1.5.3 Kjønn 27

1.6 Fleire sosiale variablar i nyare granskingar 29

1.7 Språk og identitet 31

1.7.1 Meir om identitet og om knot-omgrepet 35

1.7.2 Staden og lokal identitet 37

1.7.3 Tilpassingsteorien 38

1.7.4 Sosiale nettverk 40

1.8 ”Livsstil” og ”sosiale felt” i sosiolingvistikken 42

1.8.1 Modernitet og tradisjon 43

2 Bygdesamfunnet i endring 46

2.1 Sosiale nettverk i bygdene 46

2.2 Kva meiner dei unge om eiga framtid? 48

2.2.1 Kva er viktig i framtida? 50

2.2.2 To kulturar blant dei unge 52

2.3 Urbanisering – tenkemåte og livsstil 52

2.4 Om tilhøvet by–land 54

2.5.1 Nytt syn på tilhøvet by–land 54



3 ”Personlegdomstenking” i sosiolingvistiske arbeid 57

3.1 Kva meiner psykologane? 62

3.1.1 Danninga av ”sjølvet” 64

3.2 ”Homo domesticus” og ”homo dynamicus” i denne granskinga 65

4 Utvikling av sosiolingvistisk kompetanse 66

4.1 Haldningar som born og unge har til språknormer 67

5 Årsaker til endring og variasjon i talemålet 70

5.1 Kvifor endrar talemålet seg? 70

5.1.1 Om leksikalske endringar i talemålet 73

5.2 Indre og ytre faktorar som drivkrefter i språkutviklinga 74

5.2.1 Indre (innomspråklege) drivkrefter 74

5.2.2 Ytre (utanomspråklege) drivkrefter 75

5.2.2.1 Mobilitet 75

5.2.2.2 Det ”topodynamiske” og det ”topostatiske” mennesket 76

5.2.2.3 Prestisje 77

5.2.2.4 Tildekt (skjult) prestisje – ”covert prestige” 78

5.2.2.5 Skriftspråk og standardtalemål som normeringsfaktorar 79

5.2.2.6 Massemedia 82

5.3 Innflyttarungdom som språklege førebilete? 83

5.5 Dialektnivellering 85

5.4 Regionspråk i Noreg 86

5.4.1 Byen i regionen er viktig 87

5.4.2 Meir om regionaliseringa 88

5.4.2 Utjamning innafor bygda 89

6 Rapportert og faktisk språkbruk 91

6.1 Rapportert og faktisk språkbruk i norske granskingar 92

7 Validitet i kvantitative studiar 94

Del II – Ei empirisk gransking av talemålsutviklinga i Kvinesdal,

vest på Agder 97

A Språk og samfunn på Agder 97

8 Presentasjon av Agder 97

8.1 Om Kvinesdal 97

8.2 Agdergeografien 99

8.3 Agder i eldre tid 99

8.3.1 Vegar 99

8.3.2 Administrative inndelingar på Agder før og nå 101

8.3.3 Kvar bur folket i dag? 102

8.4 Språkgeografi på Agder 103

8.4.1 Dialektgrensene – eit resultat av geografi og historie 103

8.4.2 Tendensar i talemålsutviklinga på Agder dei siste 30 åra 104

a) Austlege dialektdrag breier seg mot vest 104

b) Kystmåla breier seg innover i landet 105

8.4.3 Kristiansand – eit språkleg og kulturelt sentrum? 106

8.4.4 Kva skjer i Kvinesdal–Flekkefjord-området? 108

9 Utveljing av informantar til granskinga 110

10 Språklege variablar 113

10.1 Allment 113

10.2 Språklege variablar i denne granskinga 114

10.2.1 Særmerkt språkdrag 114

10.2.2 Heile storkommunen med unntak av Feda-området 114

10.2.3 Frekvens 114

10.2.4 Strukturell variasjon 115

10.3 Oversyn over dei språklege variablane 115

10.3.1 Spørjeliste som utgangspunkt for eit strukturert intervju – hovudlista 115

10.3.2 Forklaring til tabellane 117

11 Intervju og opptakssituasjon 123

12 OM InnsamlingA av det språklege materialet 125

12.1 Opptak A. Strukturert intervju – sosiale bakgrunnsvariablar og språkleg

kartlegging 126

12.2 Opptak B. Intervju med kvar enkelt om ei teikning og ein teikneserie 127

12.3 Opptak C. Gruppesamtale om ”språk og syn på framtida” 128

12.3.1 Samsvar mellom rapportert og faktisk språkbruk? 128

12.4 Opptak D. Oppfølgingsintervju om identitet og lokal tilhøyrsle 129

12.5 Språkleg materiale som grunnlag for resultatutrekning 129

12.6 Rapportert språkbruk korrigert med faktisk språkbruk 130

12.6.1 Datagrunnlag 130

12.6.2 Gjennomsnittleg bruk av tradisjonelle former 131

12.6.3 Resultatet viser tendensar 131

B Resultat – Sosiolingvistisk del 133

Om presentasjonen av dei framkomne resultata 133

13 Identitet og lokal tilhøyrsle 134

13.1 Dataregistrering – identitet og lokal tilhøyrsle 135

13.2 Resultat – identitet og lokal tilhøyrsle 136

13.2.1 Forklaring til tabellane 137

13.3 Oppsummering og jamføring med andre forskingsresultat 140

13.4 Noko om modernitet og tradisjon 142

14 Språk og personlegdom 144

14.1 Personlegdomstypar – språklege strategiar 147

14.2 Resultat – ”homo domesticus” og ”homo dynamicus” – aldersgruppa 19–28 år 147

14.3 Alle informantane samla 147

14.4 Sosiale og kulturelle ulikskapar mellom personlegdomstypane 148

14.5 Resultat – ”homo domesticus” og ”homo dynamicus” – alle informantane 153

14.6 Fare for samvariasjon med andre sosiale variablar? 153

15 Språk og dei sosiale variablane kjønn, alder, region og

foreldrebakgrunn 155

15.1 Dataregistrering – kjønn, alder, region og foreldrebakgrunn 155

15.2 Resultat – kjønn, alder, region og foreldrebakgrunn 156

15.3 Språk og kjønn 156

15.4 Språk og alder 158

15.5 Språk og region 159

15.6 Språk og foreldrebakgrunn – ”genuinitet” 159

16 Språk og sosiale nettverk 162

16.1 Dataregistrering – sosiale nettverk 162

16.2 Resultat – sosiale nettverk 163

17 Språkhaldningar 164

17.1 Dataregistrering – språkhaldningar 164

17.2 Resultat – språkhaldningar 165

17.3 Haldningar til bymåla på Agder 167

17.4 Andre haldningsresultat 168

18 Oppsummering – lokal identitet og personlegdomstypar 169

18.1 Identitet og lokal tilhøyrsle 169

18.2 Personlegdomstypar 170

19 Oppsummering – andre sosiale variablar 171

19.1 Språk og kjønn 171

19.2 Språk og alder 171

19.3 Språk og region 171

19.4 Språk og foreldrebakgrunn 171

19.5 Språk og sosiale nettverk 172

19.6 Språkhaldningar 172



C Talemålsutviklinga 175

20 Om den konkrete språkutviklinga i Kvinesdal 175

20.1 Sentrale sørvestlandske språktrekk held seg 175

20.2 Prosodi 176

20.2.1 Kvantitet 176

20.2.2 Tonalitet 179

20.3 Vokalisme 179

20.3.1 Diftongering av langvokalane 179

20.3.2 Norrøn lang ó føre velarane g og k 181

20.3.3 Motsetnaden /e:/ ~ /æ:/ 182

20.3.4 Motsetnaden mellom kort ò [o] og kort å [] 182

20.3.5 Innskotsvokalen (svarabhaktivokalen) 183

20.3.6 Dei opphavlege diftongane ei, øy og au 183

20.3.7 Oppsummering av vokalutviklinga i Kvinesdal 185

20.4 Konsonantisme 186

20.4.1 Palatalisering av -g og -k i innlyd 186

20.4.2 Norrøn rn > dn etter kort vokal 187

20.4.3. Lenisering av p, t, k til b, d, g 187

20.4.4 Samanfall av kje- og sje-lyden? 188

20.5 Formverket 189

20.5.1 Substantiv 189

20.5.2 Adjektiv 192

20.5.3 Pronomen 194

20.5.4 Verb 196

20.6 Leksikalske endringar 205

21 Oppsummering av den konkrete språkbruken 209

21.1 Særdrag som held seg godt 209

21.1.1 Infinitiv og svake hokjønnsord ub. eint. 209

21.1.2 Vokalismen 210

21.1.3 Konsonantismen 210

21.1.4 Substantivbøyinga 210

21.1.5 Pronomen 211

21.1.6 Verb 211

21.2 Særdrag der endringane er større 212

21.2.1 Prosodien 212

21.2.2 Vokalismen 212

21.2.3 Konsonantismen 213

21.2.4 Substantivbøyinga 213

21.2.5 Adjektiv 213

21.2.6 Pronomen 214

21.2.7 Verb 214

21.2.8 Endringar i leksikon 214

22 Hovudlinjer i talemålsutviklinga vest på Agder 215

22.1 Drivkrefter i dialektutviklinga i vestre Vest-Agder 216

23 Konklusjon 222

24 Litteraturliste 227



25 Vedlegg 239

Vedlegg 1 – Synet på heimbygda og på tilhøvet by–land 239

Vedlegg 2 – Synet på dialektbruk – språkhaldningar 242

Vedlegg 3 – Hovudlista – sosiale og språklege variablar 244

Vedlegg 3, del A: Sosiale variablar knytte til kvar informant 244

Vedlegg 3, del B: Språklege variablar – registreringar 247

Vedlegg 4 – Teikningar som grunnlag for samtale 252

Vedlegg 5 – Språk og syn på framtida 254

Vedlegg 6 – Oppfølgingsintervju – intervjuguide 256

Vedlegg 7 – Informantar i denne granskinga 258

Vedlegg 8 – Bruken av tradisjonelle og nyare former hos

informantane 259

Vedlegg 9 – Kart over Vest-Agder 260

Vedlegg 10 – Kart over Kvinesdal kommune 261



ISBN 978-82-7099-563-9, 261 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt 0,5 kg, publiseringsår 2009, språk: nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid