Glette, Kåre: Vestfolds litteraturhistorie 1000 - 2000

Glette, Kåre: Vestfolds litteraturhistorie 1000 - 2000

  • 440,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


For første gong får vi ei regional litteraturhistorie som dekkjer 1000 år og som tek for seg både sakprosa og skjønnlitteratur.

 


I Vestfolds litteraturhistorie 1000 – 2000 kan du lesa om:

• Sakprosa og skjønnlitteratur; barnelitteratur og vaksenlitteratur. .

• ”Høg” og ”låg” litteratur

• Tekstar, sjangarar, skrivemåtar, forfattarar, miljø og periodar

• Korleis tekstar framstiller Vestfold ut frå ulike skrivemåtar og ulike holdningar

• Grunnvilkåra for litterær skriving og korleis desse har utvikla seg over tusen år.

• Samspelet mellom vestfoldregional og norsk, men òg europeisk litteratur

• Den rolle Vestfold har spelt i norsk litteraturhistorie og den rolle dei ulike kommunane har spelt i fylkets litteraturhistorie. Bak i boka finst ei liste der forfattarane er fordelte på kommunar.

• Tekstar og sjangrar som ikkje eller knapt er omtalte i nasjonale litteraturhistorier; privatbrev, skillingsviser, kvalfangstviser, høvesdikt o.a. I denne litteraturhistoria får dei fyldig omtale.

• Ei rekkje forfattarar som er lite eller ikkje omtalte i nasjonale litteraturhistorier; Klosterlasse, Hans Allum, Hanna Winsnes, Clara Tschudi, Sigurd ­Mathiesen, Jens Müller, Lorens Berg, Gunnar Chr. Wasberg, Per Nyhus og andre.

• Nye perspektiv på velkjende tema i norske litteraturhistorier, til dømes det såkalla moderne gjennombrotet.

• Eit skiftande forhold mellom sakprosa og skjønnlitteratur.


Norsk litteraturhistorie i Vestfold kunne denne boka like godt heitt.

Det er ingen motsetnad mellom nasjonale og regionale litteraturhistorier. Vestfolds litteraturhistorie fokuserer på forholdet mellom det regionale og nasjonale, regionalt særpreg og fylkets litterære rolle og produktivitet. Den utvidar, supplerer og nyanserer derfor den nasjonale litteraturhistoria.

Boka er lettlesen og skriven for alle interesserte, men også fagfolk vil truleg finna noko interessant.

Forfattaren Kåre Glette er dr.philos. og tidlegare førsteamanuensis ved Høgskolen i Vestfold. I mange år har han arbeidd med regional litteratur, teoretisk og praktisk, med utgangspunkt i Vestfold, og skrive ei rekkje artiklar og tre bøker om emnet. Han var også med og starta nettstaden Vestfolds litteraturportal.

 

 

Innhald

Forord 7

Portalen 9


Kapittel 1

1000 – 1350: Skrift- og bokkulturen kjem til Vestfold

Kvifor 1000 som grense? 24

Samfunnet i mellomalderen 24

Vest-Europa 25

Noreg 26

Vestfold 27

Den litterære institusjonen 27

Eit fleirspråkleg Vestfold 28

Hugsespesialistar og Snipp, snapp snute 30

Hent slakteferdige kalvar, finn fram gåsefjøra 30

Norsk og islandsk litteratur 32

Skaldedikting, krig og kjærleik i Tønsberg 33

Tønsberg like viktig som Jerusalem? 34

Tunsberg – Rikshovudstad og skriftspråkleg sentrum 35

Litteraturen i Vestfold og Vestfold i litteraturen 39

Sverre-soga 39

Tønsberg-dramatikk i Sverresoga 42

Storfint presidentbesøk i Tønsberg 43

Tønsberg og Vestfold i Snorre 45

Snorre og byjubileet i Tønsberg 47

Soga om Håkon Håkonsson 48

Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 49

Sættargjerda i Tunsberg 52

Perspektiv (1): Den litterære institusjonen 54

 

Kapittel 2

1350 – 1537: Tilbakeslag for skriftkulturen og litteraturen

Lopper, rotter og skriftkulturen 58

Samfunnet i seinmellomalderen 58

Skriftspråket: latin, norrønt og dansk 59

Utakt i mediesituasjonen 60

Litteratursituasjonen 60

Litteraturen i vestfold 61

Diplom-litteraturen 61

Bergenske rådmenn drikk vin, men betaler ikkje 61

Språket i diploma 63

Ramnes og Sande i to diplom 65

Diplomet som Vestfold-litteratur 67

Codex Tunsbergensis og bokkulturen 68

Folkediktinga – Litteratur for folk flest 68

Kva slag eventyr var i bruk? 69

Radio, fjernsyn og porno 70

Frå munn til munn gjennom fleire hundreår 71

Oppsummering 1000 – 1537 73

Perspektiv (2): Skjønnlitteratur og sakprosa 74

Sakprosa 75

Skilnaden 76


Kapittel 3

1537 – 1807: Skifte av religion og skriftspråk, nedtur og oppsving

Skifte av religion 80

Samfunnet 80

Vest-Europa 80

Reformasjon, einevelde, krig og fred 82

Vestfold 83

Mediesituasjonen 84

Bokhylla til Peder Bager i Holmestrand 86

Spirer til eit massemedium 88

Den litterære situasjonen 89

Europeisk litteratur 1537 – 1807 og ein byfogd i Vestfold 89

Sensur i Danmark-Noreg 91

Litteraturen i Vestfold 92

Folkedikting 92

Punktum i Sande 19.02.1558 93

Kloster-lasse – Kjøpmannssonen frå Tønsberg som ville gjeninnføra katolisismen 94

Frå Tønsberg til Roma, frå Nielssøn til Norvegus 95

Frå pamflettar til doktoravhandling 99

Kvifor Klosterlasse i Vestfolds litteraturhistorie? 100

Din helvetes gubbe i Riga i 1621 103

Historisk-topografisk litteratur 103

Ein danske kjem til Tønsberg 103

Kongen spør, prestane svarar på 43 spørsmål i 1743 104

Füirens sjølvbiografi 104

Kvifor to i 1771 og 1772? 105

Jens Müllers bok om Tønsberg 105

170 år med topografisering 109

Selskapsdikting 110

Privatbrevet 111

Universitet i Tønsberg? 111

Perspektiv (3): Vestfold-litteratur 112

Kritisk lesar stiller spørsmål 114


Kapittel 4

1807 – 1905: Omveltingar i samfunnet og stor framgang for skriftspråket

Eit hundreår med store samfunnsendringar 118

Marx og revolusjonen 118

Frå standssamfunn til klassesamfunn 118

Ingeniørmentaliteten og Spes & Fides 120

Skjønnlitteraturen 1807 – 1905 122

Ein flaum av trykksaker i Europa 122

Noreg rettar ryggen, dei to store og dei fire store 123

Litteraturen i Vestfold 126

Folkdedikting 126

Sladder og karneval i Vestfold? 126

Ein latsabb og folkedikting frå Vestfold 127

Kva gjer ein når døden bankar på? 128

Innsamling av eventyr i Vestfold 130

Mellomalderballaden om Axel og Valborg 131

Vestfolds handikap under nasjonalromantikken 133

Sosial brukslitteratur 133

Sjøfart og sjøfartslitteratur 133

Skillingsviser: Kannibalisme i Tønsberg og mord i Sandefjord 138

Europeisk sjanger, frå Tyskland til Vestfold 140

Skillingsviser i Vestfold 142

Sjangrane 143

Ei kyrkjesongar og ei arbeidsulykke på Kvelde 143

Kritikk av Treschow, og logring 144

Skillingsforfattarar 146

Alfons Hansen i Larvik og Theodor Rose i Tønsberg 150

Høvesdikting – Dikt for sosiale storhende 151

Ein brann, eit familiefest og ein tørkesommar 151

Dikt for 50-årslag og opning av Vestfoldbanen 151

Teologar, lærarar og bladfykar 153

På talarstolen eller ved tallerkenen 154

Dikt som stasklede 154

Eige kretsløp i Tønsberg 155

Sakprosaen vinn seg større rom 155

Bibliotekvesenet 156

Ei djevelsk lesebok i Ramnes, Våle og Botne? 156

Avisene gjer sitt inntog 158

Kvalfangstlitteratur og forfattaren Svend Foyn 160

Clara Tschudi – Hofflitteraturens førstedame i Europa? 161

Skjønnlitteratur på terskelen til det moderne 171

Hans Allum – Husmannsonen som fann eit våpen i skriftkulturen 172

Hans Hanson – Bygdemålsdiktaren frå Larvik 184

Hanna Winsnes – Prestekona i Brunlanes som blei eit nasjonalt ikon 185

Populærlitteratur 192

To venstreradikale redaktørar, ein borgarleg aristokrat 193

Det moderne gjennombrotet 195

Kom det moderne gjennombrotet til Vestfold? 196

Clara på talarstolen i Klub- og Balselskapet 197

Svaret: Både og! 198

Oppsummering 1537 – 1905 199

Perspektiv (4): Kvifor Vestfolds litteraturhistorie? 201

Perspektiv på 1900-talet: Halvdan Bekkevold og Randi Lian frå Hof 203


Kapittel 5

1905 – 1945: Kriser og krigar, eit moderne samfunn og ein moderne litteratur

 

Samfunnet 1905 – 1945 206

Ny arbeidsdag, nytt industrisamfunn og første verdskrig 206

Kultur 208

Mellomkrigstida: Kriser, konfliktar og kløyving 209

Marx og Hallesby 210

Nyrealisme, etisk realisme og modernisme 211

Den litterære institusjonen i Vestfold 212

Skriftarbeidarane og bakgrunnen 213

Den litterære fabrikken 216

Alle desse avisene, tre i Horten, tre i Larvik 217

Olafsen Bog & Papir og Tønsberg bibliotek 217

Punktnedslag i sakprosaen 220

Andreas Seierstad – Leiande kyrkjehistorikar frå Hedrum 221

Lorens Berg – Pioneren frå Andebu 221

Skjønnlitteratur 226

Episk litteratur 226

Sigurd Mathiesen – Den rare forfattaren frå Larvik 226

Olav Duun – Nobelprisen til Holmestrand? 229

Tilla Valstad – Frodig dame og Tønsbergs kulturhistorikar 237

Arthur Omre – Han levde og skreiv eit hardkokt liv 240 (+453)

Jacob Anker-Paulsen – Med svepe over Larvik? 243

Gisken Wildenvey – Til Stavern frå Sten & Strøm 244

Lyrikk 244

Alf Larsen – Gjer Tjøme til ein sentral stad i universet 244

Gunnar Reiss-Andersen – Larviks store lyrikar 247

Herman Wildenvey – Sommar og livsglede i Stavern 250

Dramatisk litteratur 252

Nils Kjær – Urban, slentrande og skiftande 252

Annan dramatikk 254

Punktnedslag i sakprosaen 255

Essaystikk 255

Nils Kjærs essay og epistlar 256

Alf Larsens roller 257

Populær- og triviallitteratur 260

Elias Kræmmer – Svelviking med buisness og braksuksess 261

Lars Rustbøle – Kongen av kristen populærlitteratur 265

Barne- og ungdomslitteratur 267

(Olav Duun, Kåre Holt, Ola Mjanger, Jan Østby, Sverre S. Amundsen)

Krigen og Vestfold-forfattarane 269

Oppsummering 1905 – 1945 271

Perspektiv (5): Framstillingsprinsipp 272


Kapittel 6

1945 – 2000: Mangfald og i takt med nasjonen

Noreg og Vestfold 276

Frå krigsskadd land til velfødd velferdssamfunn 276

Kaldnes Mekaniske og Horten verft går dukken 279

Mediesituasjonen i Vestfold 279

Avisene, den daglege sakprosaen 280

Kulturell utbygging av Vestfold 281

Den litterære situasjonen 283

Dei med pennen og papiret, tastaturet og pc-skjermen 283

Færder og Publicom 285

Ut til folket 285

Fregatten, Gribbenille og regionalisering 286

Tønsberg i bresjen og Vecchis slakt 288

Sakprosaen får sin institusjon ved Høgskolen 291

Generasjonar og litterære retningar 292

Tre generasjonar 292

Norsk littertur 1945 – 2000 292

Krigsoppgjeret og Wildenveys knyttneve 293

Sakprosa: Essay og essayistar 295

Aasmund Brynildsen – Essayist og kjettar frå Tjøme 295 (+413)

Andre essayistar 299

(Reiss-Andersen, Dag Solstad, Petter Feen, Nils Chr. Geelmuyden)

Skjønnlitteratur 300

Episk litteratur 300

Waldemar Brøgger – Skikk og bruk og romanar 301 (+357)

Kåre Holt – Frå Slottsfjellet til Parnasset 301 (+ 268, 453)

Karin Bang – Pendling mellom Oslo og Veierland 313 (+ 357, 413)

Gunnar Bull Gundersen – Ein sailor ankrar opp i Ramnes 321

Bergljot Hobæk Haff – Parforholdet, Kjærleiken og Dualismen 324

Dag Solstad – Nasjonal kultforfattar frå Sandefjord 325 (+ 299)

Ingar Skrede – Fotball, Tønsberg og rasering av Kaldnes 332

Monga Lyngar – I norske litteraturhistorier 334

Erling Pedersen – Til Larvik med Romsdalen i bagasjen 335 (+ 380, 453)

Gerd Brantenberg – Opp alle jordens homofile! 338

Ingvar Ambjørnsen – Frå Larvik til Hamburg med utsikt til paradis 339 (+ 381)

Mari Osmundsen – Frå feminisme til fantastikk 343

Truls Øra – Ein sensasjon i Bokklubben 344

Geir Pollen – Ålefiske og fluefiske, alvor og humor 345

Kurt Aust – Dansk-norske detektivar 346

Andre episke i etterkrigsgenerasjoen 347

(Ingvar Moe, Rolf Fredheim, Bernt Eggen, Harald Stub, Tor Halstvedt, Kirsti Blom, Stein E. Lunde)

Mediegenerasjonen 349

Trude Marstein – Med pinsett og lupe over kvardagen 349

Noveller – Den korte og overraskande teksten (Anne Stuksrud) 354

Då Jesus kom til Tjøme 4. juni 1995 (Gro Dahle) 355 (+ 383, 436)

Kriminallitteratur 356

Karin Bang – Kriminaliteten aukar på Tjøme 357 (+ 313, 413)

Waldemar Brøgger – Morderen plukker fluesopp 357 (+ 301)

Jan Mehlum – Gjorde Svend Foyn kjend og kjær over heile landet 358

Karin Fossum – Utforskar og fornyar krimsjangeren 364

Barne- og ungdomslitteratur 368

Så stille som mus, men ikkje i barnelitteraturen! (Lauritz Johnson) 369

Barnelitteraturen i Vestfold 1945 – 1970 371

(Sverre S. Amundsen, Jon Østby. Audun Hierman, Peder A. Bredevei, Kari Vinje, Astrid Kjeldsberg, Else Breen, Arnold Jacoby, Ingeleiv R. Kirkevold, Mai Lindegård, Lauritz Johnson)

Ein ”revolusjon” i barnelitteraturen 373

Harald Sverdrup – Tøys med kvalitet 374 (+ 414)

Else Breen – Kriser og vendepunkt i tenåra 375

Mathis Mathisen – Stillfarande, undrande og gripande 376

Sidsel Mørck – Engasjement og aktivist 377

Steinar Sørlle – Aleine på isflaket 378 (+ 421)

Unni Nielsen – Møte mellom ulike kulturar 378 (+ 421)

Margaret Skjeldbred – Fantasi, poesi og Andersen 379 (+432)

Ingvar Moe – Renessanse for Oldermor 380 (+430)

Erling Pedersen – Lucky i Livet er et spell 380 (+ 335, 453)

Mari Osmundsen – Dronning Sola og Solungen 381

Ingvar Ambjørnsen – Pelle & Proffen tek saka 381 (+ 339)

Harald Nordberg – Den store illustratøren 383

Gro Dahle – Fantasi, poesi og husgrisen Nøffi 383 (+ 355, 436)

Svein og Egil Nyhus – Tekst og illustrasjon 385

Kari Sverdrup – Bøker om ungdomsskolealderen 385

Harald Rosenløw Eeg – Solvangs store film- og ungdomsforfattar 386

Stein Erik Lunde – Forfattar og formidlar 389 (+ 347, 386, 448

Fantasifabrikken og Norsk Barneblad 391

(Morten Myklebust, André Kretz, Johannes Farestveit)

Kjendis- og humorlitteratur 393

(Greta Molander og Kaare Barth, Odd Børretzen, Rolv Wesenlund, Øyvind Thorsen)

Skjønnlitteratur på Færder forlag 396

(Per Velde, Mary Anthonisen, Karl Ljøsterød, Harald Stub, Liv Bente L. Dæhli, Lillian Skow, Eivind Luthen, Eie Andersen)

Populærlitteratur – Best fordi den er for folk flest? 398

Populærforfattarar frå Vestfold 399

(Alf Halvor Kalmoe, Randi Lian, Turid Brænne Larsen, Torill Thorup, Ann-Christin Gjersøe)

Modernismen vinn innpass 401

Formspråk og livskjensle 402

Lyrikkfylket Vestfold 404

Astrid Hjertenæs Andersen – Modernist i Ramnes 404

Astrid Tollefsen – Frå Horten til cafébord i Oslo 408

Karin Bang – Aversjon mot det moderne 413

Aasmund Brynhildsen – To små diktsamlingar 413

Harald Sverdrup – Naturelskaren, vitalisten og livsdyrkaren frå Stokke 414 (+ 374)

Generasjonen frå 1970-åra 420

Steinar Sørlle – Nfortent ukjend lyrikar frå Larvik 421 (+ 378)

Tom Lotherington – Poet, biograf og omsetjar 423

Halvard Foynes – Frå arbeidarpoet til poesispesialist 425

Rolf Fredheim – Dikt i arbeidarklassens teneste 428 (+ 347)

Ingvar Moe – Løktastolpefrø frå Nøtterøy til Etne 430 (+ 380)

Margaret Skjelbred – I Prøysens og Wildenbveys fotspor 432 (+ 379)

Debut i 1980-åra 436

Gro Dahle – Medieyndling og nyskapande poet 436 (+ 355, 383)

Tone Hødnebø – Ein eksklusiv lyrikar 441

Debut i 1990-åra 443

Tone Gleditsch Stabell – Modernistisk morgon i Tønsberg 443

Steinar Opstad – Nok ein stor lyrikar frå Vestfold 446

Songlyrikk – Songen ber teksten vidare ut 448

Stein Erik Lunde – Frå Riksvei 310 til Kyss og kjærlighet 448

Dramatikk – tekst for papir og scene 450

Dramatikk og teater 451

På scenar i Vestfold 453

På nasjonale scenar 453

Sakprosa 454

Lokalhistorisk litteratur – Jumboplass til historiefylket Vestfold? 454

Fotballhistorie, skolehistorie og fylkeshistorie 456

Lokalhistorisk con amore 456

Erling Dittmann og Per Nyhus 457

Sandberg og Hem – To historikarar frå Lardal 460

Lokalhistorisk på Færder 461

Per Thoresen – Historieforvaltar i skrift og praksis 461

Gunnar Wasberg – Ei skrivande kjempe frå Larvik 462

Skrivemåte i lokalhistoria (Ingvar Hauge) 463

Lærebøker (Kåre Kverndokken, Arne Torvik) 464

Fagleg og vitskapleg litteratur (Arne Gallis, Ottar Hellevik) 465

Magnar Norderhaug – Frå Presterødkilen til State of the World 466

Sakprosa ved Høgskolen i Vestfold 467

Reidar Astås – Fullt Stjórn over kjeldene 468

 

Oppsummering 1945 – 2000 469


Ein blomsterbukett til lesaren 471

Kjelder og inspirasjonskjelder 473

Litteraturliste 474

Illustrasjonar 483

Namneregister 484

Sakregister 493

Forfattarar og kommunar 496


ISBN 978-82-7099-546-2, 497 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt ca. 1 kg, publiseringsår 2009, språk: nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid