Venås, Kjell: Hans Ross
Dette er ei bok om Hans Ross. Det fulle namnet hans var Hans Matthias Elisæus Ross. Han førte arbeidet til Ivar Andreas Aasen vidare på ymse område. Boka gjev eit oversyn over arbeidet hans med å samle leksikalsk, grammatisk og folkloristisk stoff. Det viktigaste føremålet med boka var likevel å få fram kva Hans Ross gjorde med tilfanget han samla. Ei side av det har vore å setja han i høve til føremannen Ivar Aasen. Den store ordboka Hans Ross skreiv, var laga som eit tillegg til Norsk Ordbog av Ivar Aasen.
Til festen for Ross då han var 70 år, skreiv Per Sivle eit dikt. Ei strofe av det lyder slik : ”Og ein heitte Ivar og ein heitte Hans / og båe var karar so rettugt til manns, / at likare var kje å finna hjå oss: / den fyrste var Aasen, den andre var Ross.”
Arne Garborg skreiv ein song til Ross då han fylte 80. I den er det ei strofe som sluttar slik: ”me Norigs takk fram for deg ber; H a n s Ro s s skal alltid minnast.” Denne boka er eit tilskot til minnet hans.
Innhald
Nokre geografiske avstyttingar i Ross: Norsk Ordbog 9
Føreord 11
Bakgrunn, vokster og mogning
Etternamnet Ross ute i verda og i Noreg 13
Dei næraste i ætta 16
Faglege utslag av ulik digitalbruk 17
Den andre og tredje Hans Ross 19
Den fjerde Hans Ross – skulegang og studium 21
Ut i verda – til Tyskland 26
Heime att etter fyrste ferda ut 27
Ferd til Skottland og England 30
Ein brosjyre om Europa 31
Eit geografisk oppgjer med L. Kr. Daa 35
Med augo mot Europa i 1872 40
Målmann, bokutgjevar og lærar
Ringar og lag i hovudstaden 43
Målmann på ferd 50
Meir om Ross og Det norske Samlaget 51
Lauvduskar 52
Meir utgjevarverksemd 57
Ross og Vinje – Dølen 63
Ross skreiv om folkeminne og hjelpte Werner Werenskjold 64
Prøvehefte på ei lærebok i engelsk, 1871 68
Ei tobands lærebok i engelsk, 1872–73 72
Salmar frå Bibelen i Fedraheimen 74
Heime og ute 76
Om tre sosiokulturelle omgrep 82
Oppsummerande merknader 88
Stipendsøkjar og rapportør
Stipendsøkjar 90
Situasjonsbilete frå ei granskingsferd 92
Søknad til Stortinget, 1877 94
Storting, styringsverk og Universitet om Ross som professor 95
Avisene følgde med 103
Endå eit oppgjer i Stortinget 105
Arbeidsmeldingar 1877–1885 109
Ei særskild melding 1886 112
Arbeidsmeldingar 1887–1895 115
Åtak på Ross i Aftenposten 118
Ordboksskrivar
Førebuande øvingar 123
Norsk Ordbog. Tillæg til ”’Norsk Ordbog’” af Ivar Aasen 126
Føreordet 128
Samlande merknader om føreordet 135
Jamføringar med Aasen: Norsk Ordbog 137
Tillegg til tillegget 151
Meldingar om ordboka 153
Kartlagar, målføregranskar og grammatikar
Ei ny oppgave 160
Norske bygdemaal 162
Skandinaviske bygdemål 165
Dialektkart 169
Vest-Telemaal 170
Mest midlandsmål og noko opplandsmål 175
Frå Folda til Finnmark 176
Frå Romsdal til Agder 178
Meldingar av Norske bygdemaal 182
Allment om Norske bygdemaal 185
Normerar
Landsmålet som språkleg norm 189
Om skriftnorma i føreordet til Ross: Norsk Ordbog 194
Avvikande skrivemåtar i Norske bygdemaal 196
Fagleg nemningsbruk 199
Menneske
Polemikar – ordstrid om landsmål 203
Kåsør og heimstadskildrar – ”’Lister’” 208
Oversyn 214
Åtgåar (observatør) – fleire stykke i Ringeren 216
Leigebuar – bustader i Kristiania 219
Jubilant – Takk for gildt verk! 223
Mannen sjølv, ut frå eit brevskifte og eit minneord 229
Hans Ross døyr og blir gravlagd 235
Litteratur, kjelder og avstyttingar 242
Namn på personar 253
Hans Ross – bibliografi (etter Johan Anthon Schulze) 260
ISBN 978-82-7099-540-0, 264 sider, innbundet
Format: 15x21,5 cm, vekt 0,58 kg, publiseringsår 2009, språk: nynorsk