Laurén, Myking, Picht: Insikter om insikt

Laurén, Myking, Picht: Insikter om insikt

  • 250,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Under medverkan av Sigurður Jónsson

Terminologi, fagspråk og fagkommunikasjon er eit forskingsområde med lange tradisjonar i og utanfor Europa. Fagfeltet opplever aukande sosial relevans i den globaliserte samfunnsutviklinga, og er eit sentralt element i utforminga av nasjonale språkpolitiske strategiar. Det har dei siste par tiåra vore ein livleg, intens og til dels spenningsfylt teoretisk debatt i det internasjonale forskarsamfunnet, med stor vekt på grunnlagsproblem.

Nordiske forskingsmiljø har gjort seg sterkt gjeldande på mange område i denne utviklinga, og dei nordiske språksamfunna blir ofte vurderte som gode modellar for terminologisk og fagspråkleg språkplanlegging. Men den faglege kontakten mellom fagspråklege og andre språkfaglege miljø har ikkje alltid vore så god som ein kunne ønskja, og det same gjeld kontakten mellom fagspråklege forskingsmiljø innbyrdes.

Boka Insikter om insikt er eit produkt av desse internasjonale tendensane. Målet med boka er å ta opp til diskusjon tema og problemstillingar som har spela ei viktig rolle i den faglege debatten gjennom dei siste to-tre tiåra. Boka stiller derfor opp ti sentrale påstandar og drøftar dei frå ulike innfallsvinklar. Undertittelen "nordiska teser" refererer til at Insikter om insikt er eit produkt av ekte nordisk samarbeid mellom fire nordiske forskarar som lenge har engasjert seg innanfor terminologi og fagspråkleg kommunikasjon. Målet med boka er å vekkja ei djupare forståing av forskingsområdet både mellom interesserte fagfolk og lekfolk. Frå internasjonal synsvinkel presenterer boka både nye perspektiv og ny kunnskap.

Insikter om insikt tek ikkje stilling til éi spesiell retning eller éin spesifikk lingvistisk tradisjon, men prøver å vurdera problem og innarbeidde synsmåtar på fritt grunnlag i eit vitskaps­teoretisk og semiotisk perspektiv. Av sentrale tema i boka kan nemnast kulturell diskurs, domenetap og grunnlaget for språkplanlegging.

Forfattarane er Christer Laurén (professor i svenska språket vid Vasa universitet), Johan Myking (førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen), Heribert Picht (professor emeritus i spansk og fagsprog ved Copenhagen Business School) og Sigurður Jónsson (aðstoðarforstöðumaður þingfundaskrifstofu Alþingis).


ISBN 978-82-7099-475-5, 207 sider, heftet
Format: 17x24 cm, vekt: 0,45 kg, utgivelsesår 2008

 

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid