Akselberg/Barndon/Grove: Region og regionialisering

Akselberg/Barndon/Grove: Region og regionialisering

  • 380,00 kr
    Enhetspris per 
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Perspektiv og prakis

Antologien spring ut av det faglege miljøet rundt det tverrfakultære satsingsområdet Region og regionalisering som vart til ved Uni­versitetet i Bergen i 2005, og det tilhøyrande masterprogrammet som fekk si studie­administrative forankring ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR) og kom i gang frå 2007. ...

Forfattarane represen­terer alle fem fakulteta som var involverte i satsinga som vart vedteken lagt ned i 2014, og har sjølve vore knytte til masterprogrammet. Gjennom sine artiklar speglar bidragsytarane den fleirfaglege tilnærminga som låg til grunn for opprettinga. Bidraga deira er samla i tre bolkar, som tematiserer ulike faglege og teoretiske inntak til region og regionalisering: «Regionar, identitet og regionsbygging», «Region, stad og regionalisering» og «Regiona­lisering, forvaltning og utvikling».

Gunnstein Akselberg er professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Universitetet i Bergen. Akselberg har vore med i leiinga for Region og regiona­lisering frå det vart oppretta i 2005, og har delteke i undervisninga ved masterprogrammet.

Randi Barndon er førsteamanuensis i arkeologi ved AHKR. Barndon var programkoordinator for masterprogrammet frå 2007 til 2014, og ho har undervist og rettleia masterstudentar ved masterprogrammet.

Knut Grove er koordinator for masterprogrammet og førsteamanuen­sis ved AHKR. Han er elles tilsett som forskar ved Uni Research Rokkansenteret.


Innhald

Knut Grove, Gunnstein Akselberg & Randi Barndon: Perspektiv på region og regionalisering

1 Regionar, identitet og regionsbygging

Knut Grove: Mellom Gulatingslagen og nasjonalstaten. Om trekkinga av historiske liner i norsk regionhistorie

Dag Hundstad: Nord og sør – nordnorsk og sørlandsk regionalisme i komparativt perspektiv

Gunnstein Akselberg: Talespråkleg regionalisering i Skandinavia – Ei komparativ tilnærming til utviklinga av talespråklege regionar i Danmark, Sverige og Noreg

Tove Ingebjørg Fjell: «Og hvor forunderlig det skulde være at se og tale med hværandre igjen endnu engang i dette Liv». Om hvordan en mental region formes i en rekke amerikabrev 1895 – 1904

Nils Georg Brekke: Vestkystens arkitektur og landskap – ein atlantisk kulturregion

2 Region, stad og regionalisering

Peter Emil Kaland, Kari Evensen Natland & Arne Abrahamsen: Nordhordaland biosfæreområde – et regionalt tiltak for bærekraftig utvikling

Grete Rusten & Brita Hermelin: Regionale strategier og samarbeid om sosiale innovasjoner i fagopplæringen

Anne Karen Bjelland & Torunn Selberg: Kystpilegrimsleden – et ledd i regionaliseringen av Vestlandet?

Randi Barndon & Asbjørn Engevik: Industristeder og samtidsarkeologi – utgravninger i Skjeggedal, Tyssedal i Hardanger

Haci Akman: Komplekse gatesamfunn: Et mangfoldig blikk på Nygårdsgaten i Bergen

3 Regionalisering, forvaltning og utvikling

Anders Lundberg: Vindkraft og vasskraft i eit klima- og miljøperspektiv

Sigrid Eskeland Schütz: Natur, artar og økosystem som regionale forvaltingsobjekt

Nicolas J.I. Rodriguez: Region og regionalisering i høve økosystembasert forvalting av marine ressursar

Arnt Fløysand & Stig-Erik Jakobsen: Næringsutvikling på Vestlandet: Omstillingsevne og regional fornyelse

Svein Larsen & Katharina Wolff: Er cruiseturisme forenlig med bærekraftig regional reiselivsutvikling?

Bidragsytere


ISBN 978-82-7099-872-2, 366 sider, heftet
Format: 15,5x23 cm, vekt 0,6 kg, publiseringsår 2016, språk: nynorsk, bokmål

Liquid error: Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid