Jahr, Ernst Håkon: Språkplanlegging og språkstrid

Jahr, Ernst Håkon: Språkplanlegging og språkstrid

  • 335,00 kr
    Unit price per 
Tax included. Shipping calculated at checkout.


Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814


Det har lenge vore stor internasjonal interesse for norsk språkplanlegging og språkstrid etter 1814. Heilt frå Harvard-professoren Einar Haugen studerte språkstriden i Noreg, og utvikla forskingsfeltet språkplanlegging på 1960-talet, har nyare norsk språkpolitikk og språkutvikling hatt ein sentral posisjon i den internasjonale teoridiskusjonen innan språkplanlegging.


Denne boka analyserer og drar linjer gjennom heile 200-årsperioden frå unionoppløysinga i 1814 til i dag. Det er eit godt høve til å gjera ein slik analyse no. Med reformene i 2005 for bokmål og i 2012 for nynorsk er vi nemleg tilbake til ein situasjon der dei to målformene blir normerte kvar for seg og utan omsyn til kvarandre – slik det var for landsmål (nynorsk) i 1901 og for riksmål (bokmål) i 1907, før samnorskpolitikken. I tida imellom reformene tidleg på 1900-talet og no – og før, på 1800-talet – ligg periodar med politisk unike språksosiale eksperiment, som det ikkje finst kjende parallellar til nokon stad i verda. Det er ikkje noko å undrast over at verda rundt oss er interessert i denne politikken, når ein ser resultatet i dag: To norske skriftmålsformer som kvar for seg har vide rammer for ulike ord og ordformer, og eit land med meir dialektbruk enn i noko anna europeisk land. Denne boka fortel korleis og kvifor Noreg er blitt eit slikt språkleg annleisland.

Ernst Håkon Jahr er professor dr. philos. i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder.


Innhald

Innleiing: To moglege språksosiale revolusjonar etter 1814 7

Språkplanlegging 10


Del I: Den språknasjonale perioden 1814-1917 11

Språksituasjonen etter 1814 13

Frå normalt til unormalt 14, Kva om 1814 hadde skjedd i 1714? 15,

Er Noreg gammalt? 16

Kor gammalt er Noreg? 19

Ivar Aasen og dei norske dialektane 19, Aasen-normalen 21,

Hovudpunkt i Aasen-normalen 24, Éin dialekt – eller alle? 25,

To kulturar 27, Målrørsla – dei første organisasjonane 30,

Kampen i Stortinget 33,

Jamstillingsvedtaket (1885), målparagrafen (1892) 34,

Den første offisielle landsmålsnormalen, «Hægstad-normalen» (1901) 35

Tekstprøver 36

Knudsen-programmet og 1814-Noreg 39

Knud Knudsens idé 42, Nasjonalromantikken og overklassen 43,

Knud Knudsens program vinn fram 45

Norsk eller dansk? 47

Blandingsspråk 48, Når blei skriftmålet (riksmål/bokmål) norsk? 50,

Rettskrivingsreformene 1907 og 1917 54,

Hovudpunkt i riksmålsreforma i 1907 56

Tekstprøver 58

Fram mot 1917-reforma 65

Landsmålet på frammarsj 66, Austlandet og bydialektane 68,

Språkleg samling? 71, Grunnlagsdebatt 73


Del II: Den språksosiale perioden 1917-1966 75

1917-reforma 77

To riksmålsvariantar og to landsmålsvariantar 77,

Kryssing av språksosial grense 79, Det radikale riksmålet 82,

Hard strid i første halvdel av 1920-åra 83

Fornorsking av stadnamn 84

Striden om talemålet i skolen 87

«Grimstad-saka» 87, Talemålet i skolen – eit regjeringsspørsmål 90,

1924: Talar elevane riksmål i Bergen? 92

Arbeidarpartiet tar grep 95

Dei politiske partia og språksaka 95,

Halvdan Kohts utgreiing «Arbeidarreising og

målspørsmål» (1921) 96, Avklaring i Arbeidarpartiet 97,

«Breiare plass for folkemålet» 98

1938-reforma 99

Ny normbasis for bokmålet 100, Nynorsksida splitta etter 1938 101

Tekstprøver 103

Etterkrigstid, 1945-1966 105

Riksmålsrørsla tar ny sats – motrevolusjon 107,

«Foreldreaksjonen mot samnorsk» (1951) 109,

Eiga riksmålsnorm – «Øverlands blå ordliste» 111,

Norsk språknemnd (1951) 113,

Hovudpunkt i «Ny læreboknormal» (1959) 113,

Talordreforma 1951 – «den nye tejemåten» 114,

Hard strid i 1950-åra 115,

Tilnærmingspolitikken på vikande front – motrevolusjonen vinn fram 116, «Språkfredskomiteen» (1964) 117,

Landslaget for språklig samling 119,

NRK-språkbruk: Strid i 1930-åra, og frå

Smedbye-saka til Ingerid Stenvolds dialektbruk 119


Del III: Frå ein-standardstrategi til permanent to-standardtilstand 1966-2015 123

Ei ny tid med andre perspektiv og nye utfordringar 125

Nytt språkpolitisk klima, nye språkpolitiske spørsmål 125,

Nye argument for nynorsk 126,

Norsk språkråd og reforma i bokmål 1981 129,

Hovudpunkt i 1981-reforma i bokmål 129,

Stortinget avviklar samnorskpolitikken (2002) 130,

Bokmålsreforma 2005, nynorskreforma 2012 131,

Språksituasjonen no 135

Tilhøvet til engelsk 135, Sidemålsopplæringa 136,

Bokmål/nynorsk 136, Talemålet – dialektbruk og normalisering 138

Tekstprøver 141

Språkstrid og språkplanlegging frå 1814 til i dag 143

I Den språknasjonale perioden 1814-1917 143

Aasen-linja og Knudsen-linja 143

II Den språksosiale perioden 1917-1966 145

Språkreformene 145

III Frå ein-standardstrategi til permanent to-standardtilstand 147

Språkfredskomiteen 147,

Ein ny språkpolitisk situasjon – bokmålsreformene i 1981 og 2005 147,

Nynorsk – reform i 2012 149, To-standardtilstand godtatt 149

Sluttord – det språksosiale annleislandet 150


Litteratur 153


Illustrasjonar 157


ISBN 978-82-8390-095-8, 157 sider, heftet
Format: 14,5x22,5 cm, vekt 0,4 kg, publiseringsår 2022, språk: nynorsk

Liquid error (snippets/sh_cfm-theme-snippet line 2): Could not find asset snippets/sh_cfm-product-snippet.liquid